Forskarskulen i klinisk medisin 2011:

Prisvinnarar beste føredrag og poster 

Prisutdelinga i Foajéen fredag vart blåst vel i gang av Haukeland sitt eige jubileumskorps ”Haukeblæsen”. 19 munnlege forskingspresentasjonar og 42 vitskaplege posterar er vurdert og vinnarar kåra.
 

– Fantastisk kjekt å sjå forsking som er presentert internasjonalt for oss som held til her på ”heimabøen”, sa professor og leiar Eyvind Rødahl i Forskarskulen i klinisk medisin ved prisutdelinga.

Juryformann Pål Rasmus Njølstad er ikkje i tvil om forskingsarbeidet han har vore med og vurdere denne veka:
– Solid kvalitet på det som er presentert, seier han om innsatsen til forskarane. 

Med seg i juryen har Njølstad professorane Jan Erik Varhaug, Institutt for kirurgiske fag og Thomas Eagan, Institutt for indremedisin.

…og vinnarane er…

Prisvinnarane i Forskarskulen klinisk medisin 2011
Jury og prisvinnarar: Frå venstre: Pål Rasmus Njølstad, Jan Erik Varhaug, Thomas Eagan, Vernesa Dizdar, Håkon Reikvam, Anne Elisabeth Christensen Mellgren, Øyvind Ulvik, Spiros Kotopoulis og Christine Haugen.

Beste vitskaplege føredrag:
1. pris: Øyvind Ulvik, Institutt for kirurgiske fag og Kirurgisk klinikk
Ureteroscopy with and without a safety guidewire

2. pris: Spiros Kotopoulis, Institutt for indremedisin
Low-Intensity Ultrasound for Non-Invasive Therapy

3. pris: Christine Haugen, Institutt for indremedisin og Hormonlaboratoriet
Deficiency of Irx3 and Irx5 in mice predisposes to fat mass-related metabolic dysfunction
 
Beste vitskaplege poster:
1. pris: Håkon Reikvam, Institutt for indremedisin og Medisinsk avdeling
Heat shock proteins expression profile for AMP patients reveals a distinct signature strongly associated with FLT3 mutation status – consequences and potentials for pharmacological intervention.

2. pris: Vernesa Dizdar, Institutt for indremedisin og Medisinsk avdeling
Duodenal mucosal lymphocytes in patients with persisting abdominal symptoms after Gardia infection

3. pris: Anne Elisabeth Christensen Mellgren, Institutt for klinisk medisin og Augeavdelinga
Extopia Lentis et Pupillae, a pronounced phenotypic appearance of a deletion mutation in the ADAMTSL4 gene

Haukeblæsen
Jubileumskorpset "Haukeblæsen" stiller opp til ære for forskinga.

I 2010 publiserte 1015 forskarar ved Medisinsk odontologisk fakultet og Haukeland universitetssjukehus 879 vitskaplege artiklar. Forskarmiljøet er det nest største medisinsk- og helsefaglege forskingsmiljøet i landet.

Institutt for indremedisin, Institutt for kirurgiske fag og Institutt for klinisk medisin ved Universitetet i Bergen samarbeider med Haukeland om Forskarskulen i klinisk medisin.

 


Publisert 27.01.2012 15:05 | Endret 27.01.2012 15:21 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo