Haukeland sitt eige turlag:

Plass til fleire  

Torsdagar etter jobb dei siste 11 åra har turentusiastar i sjukehuset utforska skjulte skattar i fjella rundt Bergen.
Av Tekst og foto: Øyvind Blom, Haukeland universitetssjukehus
 

Sesongen til Fjellturgruppa i idrettslaget HSI består av sju turar frå april til sommarferien og omlag like mange frå august til september.

Torsdag denne veka gjekk turen til Fløyen, men ikkje den vanlege ruta dei fleste går. Trasèvalet er Svartediket, via Blåsesvingen – Åsebu og til Fløyen. Plan for matpausen er Fjellhytten i Fløyenområdet som vert kalla Søre Midtfjell.

Fjellturgruppa haukeland sykehus idrettslag
Klokka 15.30 og ventar på resten av fjellturgruppa: Frå venstre Atle Raftevoll og Berit Holmås, begge Teknisk avdeling og Anita Moen Sundli, Radiologisk avdeling.

- Vi er blitt ganske gode på å finne både hytter og ruiner i Byfjellene, ler Anita Moen Sundli. Ho har kontrollgått dei fleste turane på førehand for å sjekke om det tar dei tilmålte tre – fire timane inkludert matpause å gå kvar tur.

Går nye vegar
- Målet er å oppdage mindre kjende stader i nærmiljøet og gå på stiar dei færraste kjenner til, seier Atle Raftevoll. Han har tidlegare har vore leiar i fjellturgruppa og lovar at det viktigaste er ikkje å ha stålkondis, men at alle får ei fin turoppleving.

Turane går hovudsakleg føre seg i Bergensområdet, men sesongavslutninga kvar haust er alltid ein tredagers helgetur i september. Avslutning til hausten i år blir i Stølsheimen der dei planlegg å gå frå Torvedalen til Volahytta.

Vil du vere med?
Tidlegare år var om lag 30 stykker på kvar torsdagstur. No er talet nede i 12 – 15 stykker. Med så mange som jobbar i sjukehuset er dei spreke turgåarane overbeviste om at potensialet er stort for nye 11 år for torsdagsturane.

Meld deg inn i HSI i dag
Medlemskap er mulig for deg som ikkje jobbar på Haukeland

Møt opp på torsdag og bli med du også. Fast møtestad er utanfor varemottaket til Sentralforsyninga på nordsida av Sentralblokka klokka 15.40.



Resten av fjellturane som er planlagt i vår:

Tur nr.  dato     
3             12.5.       Lyderhorn 396m
Turen startar med biler frå HUS til Plantasjen i Gravdal, går oppunder Ørnefjellet – Lyderhorn – Kvarven.

Tur nr.  dato     
4             19.5.       Våkendalen
Turen startar frå HUS, vi går til Svartediket – Våkendalen – og tar av på skogsvei ved Kobbeltvedt, føl den til ende og går på sti mot Blåmannsveien – Fløyen.

Tur nr.  dato     
5             26.5.       Løvstakken 477m
Turen startar frå HUS, vi går til Solheimslien og opp til Jesus lever - Løvstakken og ned Griseryggen ryggen til øvre Fredlunsdvei og Minde.

Tur nr.  dato     
6             9.6.         Skåldalsnipa 603m
Turen startar med bil til Espeland i Arna. Vi parkerer nedanfor vannverket og går ein rundtur til Skåldalsnipa og tilbake.

Tur nr.  dato     
7             16.6.       Vidden
Turen startar på HUS, vi tar Ulriksbanen opp og går over Vidden til Fløyen.

 

 


Publisert 06.05.2011 12:40 | Endret 10.05.2011 12:59 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo