Pasientsikkerheit

Registrering av pasientskadar i Helse Bergen 

Helse Bergen har gått gjennom 200 tilfeldig utvalte pasientjournalar frå dei siste ti månadene i 2010, for å sjå kor mange pasientar som blei påført skade under sjukehusopphaldet.
 
Undersøkinga fortel om vaksne, somatiske pasientar som har vore innlagd på sjukehuset i minimum eitt døgn. Undersøkinga var ein del av ei nasjonal kartlegging, og resultata på landsbasis vart presentert av Helse- og omsorgsdepartementet 13. desember.

– Resultata frå Helse Bergen viser at 12,5 prosent av pasientane vart påført ein eller fleire skadar medan dei var innlagd på sjukehuset. 7,5 prosent fekk ein forbigåande skade som trong behandling, 4,5 prosent fekk ein skade som førte til forlenga sjukehusopphald og ein pasient døydde, seier fagdirektør i Helse Bergen, Alf Henrik Andreassen.

Han understrekar at undersøkinga ikkje skil mellom skader som kan førebyggast og dei som ikkje kan det. Nokre typar behandling har ein risiko, og det er ikkje alltid at komplikasjonar ved behandlinga kan unngås.

-Men alle skadar og komplikasjonar er uønska. Tala som kjem fram gjennom undersøkinga, viser at vi fortsett har forbetringspotensiale, seier Andreassen.

Fagdirektøren fortel at Helse Bergen arbeidar på ulike måtar for å minske faren for skadar under sjukehusopphaldet. Det er innført konkrete tiltak for å forebygge infeksjonar, feilmedisinering og risiko ved kirurgi.

– Dei aller fleste skadane er heldigvis ikkje langvarige eller gir varig mèn. Vi gjer vi det vi kan for å auke pasientsikkerheita, mellom anna ved å delta aktivt i Helse Vest sitt kvalitetsprogram og den nasjonale pasientsikkerhetskampanjen.

Helse- og omsorgsdepartementet har tatt initiativet til denne kartlegginga av pasientskadar ved alle sjukehus i landet. Statistikken på landsbasis (link til pressemeldinga frå HOD) blei lagt fram 13. desember.

Publisert 04.10.2011 13:50 | Endret 13.12.2011 12:28 

 Fakta

  • Det blir gjort tilsvarande registreringar på alle sjukehusa i heile landet.

  • Glober Trigger Tool (GTT) er ein vitskapeleg dokumentert metode som vert brukt i registreringa. 

  • GTT gjer det mogeleg å samanlikne eit og same sjukehus over tid, men egner seg ikkje til samanlikningar mellom ulike sjukehus. Undersøkinga skil ikkje mellom skadar som skuldast medisinske feil eller komplikasjonar.

Alf Henrik Andreassen, fagdirektør
Kontaktperson:
Alf Henrik Andreassen, fagdirektør i Helse Bergen, mobil 95 89 05 05.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo