Pasientomsorg frå sjukehus til kommune 

Eit tettare samarbeid mellom sjukehus og kommune skal gjere tilbodet til pasientane betre og meir heilskapleg.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
 

I februar signerte Haukeland universitets­sjukehus ein overordna samarbeidsavtale med 22 kommunar innan føretaket sitt område. Avtalen skal betre samhandlinga mellom føretaket og kommunane.

– Det er ikkje slik at vi ikkje har samhandla tidlegare, men vi må bli endå betre, seier viseadministrerande direktør ved Haukeland universitets­sjukehus, Anne Sissel Faugstad.

Samhandlingsreform
"Manglende kontakt mellom sykehus og kommuner er det viktigste hinderet for å gjøre helsetjenesten enda bedre. Dette skal vi nå gjøre noe med. Samhandling skal skje på grunn av, ikke på tross av systemene", sa helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen tidlegare i vår.

Regjeringa si samhandlingsreform vil bli lagt fram i form av ei stortingsmelding i løpet av juni 2009.

Helse Bergen er alt godt i gong med førebuingane for å gjere stortingsmeldinga om samhandling til meir enn ein festtale. Første steg på vegen var samarbeidsavtalen frå februar. I april hadde sjukehuset første samhandlingsmøte med dei same kommunane. Målet er å bygge opp faste kontaktpunkt for informasjon og samarbeid på begge nivå.

– Eit godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta er avgjerande for at vi skal kunne tilby pasientane våre eit heilskapleg og godt tilbod, seier Faugstad.
Det gjeld samarbeid mellom både sjukehuset og fastlege/kommunlege, sjukehuset og heimesjukepleie og mellom sjukehuset og andre omsorgs­tilbod i kommunane.

Solid politisk forankring
Ifølgje Faugstad skal den nye samarbeidsavtalen vere med på å skape ei ramme både for kva område samhandling føregår på, og ikkje minst korleis. No har alle avtalar mellom Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale Sykehus og kommunane ei solid politisk forankring i kvar kommune.

– Dette gjer at vi har ein veldig god reiskap for å betre samhandlinga. Vi har også oppretta fire samarbeidsutval i kvar region, og desse skal vere nøkkelen for å få dette til, seier Faugstad.

Fleire samarbeidsprosjekt
I tillegg til ny samarbeidsavtale og faste samhandlingsmøte, er Haukeland alt i gang med fleire samarbeids­prosjekt som er i tråd med det den nye samhandlingsreforma vil inne­halde.
– Det er alt frå å flytte tenester heilt ut av sjukehuset, til å dele på tenester med kommunane. Og då både fagleg og økonomisk, seier Faugstad.

Ho nemner blant anna samarbeidet med Bergen kommune om Bergen legevakt. Eit anna prosjekt er "Trygg overføring", eit samarbeid mellom Medisinsk avdeling og Årstad bydel i Bergen kommune. Halvannanlinjetilbodet med ei spesialavdeling på Storetveit sykehjem er òg eit eksempel på samhandling med kommunen.

– Alle desse prosjekta bidrar til å auke merksemda og dermed kvaliteten på samarbeidet mellom oss og kommunane, understrekar Faugstad.


Publisert 27.05.2009 10:05 | Endret 27.09.2010 10:59 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo