Nyutdanna får fast jobb frå første dag 

Haukeland universitetssjukehus er først ute i Noreg med ei ny traineeordning for nyutdanna sjukepleiarar, som gir dei fast 100 prosent stilling frå første dag.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 

– Ofte vert nyutdanna sjukepleiarar gåande i vikariat, gjerne i reduserte stillingsprosentar. Den nye traineeordninga gir sjukepleiarane fast 100 prosent stilling frå første dag. Dermed bryt vi eit etablert mønster i helsevesenet, seier Personal- og organisasjonsdirektør i Helse Bergen,Trond Søreide.

Dei nyutdanna sjukepleiarane som blir ein del av traineeordninga, vil gå gjennom eit introduksjonsprogram og få systematisk kompetanseoppfølging, i tillegg til variert praksis i to år ved dei ulike avdelingane på Haukeland universitetssjukehus.

– Når traineeperioda er over vil dei få tilbod om fortsett fast stilling ved ein av avdelingane på sjukehuset, seier Søreide.

NSF er fornøgd
– Dette er eit spennande prosjekt, seier Brita Ommedal Tarberg. Ho er føretakstillitsvald for Norsk sykepleierforbund (NSF) i Helse Bergen og sit i styringsgruppa for ordninga.

– For at vi skal lukkast med å gjere dette tilbodet attraktivt for nyutdanna sjukepleiarar, er det alfa omega at dei får god opplæring og blir sikra fagleg oppfølging på dei ulike avdelingane dei skal jobbe på. Viss det blir gjennomført slik vi har tenkt, blir dette truleg ein suksess, meiner Ommedal Tarberg.

– Samla sett er traineeordninga eit positivt tilbod sidan det sørgjer for fast full stilling med ein gong, i tillegg til at ein blir kjend på fleire avdelingar ved sjukehuset.

Tek deltidsutfordringa på alvor
– Ei av dei viktigaste årsakene til at sjukehuset har etablert ordninga er at vi tek deltidsutfordringa på alvor, påpeiker Trond Søreide.


Publisert 20.01.2012 15:05 | Endret 23.01.2012 09:24 

 Fakta

Haukeland universitetssjukehus har tilsett ein eigen prosjektleiar for traineeordninga.

Søknadsfristen går ut 22. januar.

Kvart år går 4000 ferske sjukepleiarar frå skulebenken til arbeidslivet, men i følgje NSF sin årlege avgangsundersøking fekk berre 18 prosent av dei spurde tilbod om fast jobb.

Kvart år går 4000 ferske sjukepleiarar frå skulebenken til arbeidslivet, men i følgje NSF sin årlege avgangsundersøking fekk berre 18 prosent av dei spurde tilbod om fast jobb.

23 prosent hadde fått vikariat i full stilling, 35 prosent vikariat på deltid og 14 prosent fast stilling på deltid.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo