– Dette er starten på ein ny epoke, seier avdelingsdirektør Jan Erik Nordrehaug ved Hjarteavdelinga på Haukeland.
- Eg har visst at ny hjarte-CT har stått på ønskelista til Hjarteavdelinga lenge, sa Trond Mohn. Her frå markering av at avdelinga no har fått ny CT-maskin og mykje betre tilbod for hjartepasientar.
Markering
I dag, fredag 16. desember, var det markering av at Hjarteavdelinga har fått ny CT-maskin. Den nye maskina er ei gåve frå Trond Mohn gjennom Bergens medisinske forskningsstiftelse, og den vil mellom anne gjere det mykje enklare å skilje friske og sjuke pasientar som kjem til Haukeland med akutte smerter i brystet.
- Om vi mistenkjer at pasientar har hjartesjukdom, kan vi no sende dei til CT i staden for å gå inn i kroppen med kateter. Å undersøkje med kateter inneber ein viss risiko for alvorlege komplikasjonar. Til samanlikning er CT nærmast risikofritt, seier Jan Erik Nordrehaug.
Den nye Hjarte-CT-maskina på Hjarteavdelinga
Fornyar seg
Administrerande direktør Stener Kvinnsland framheva under opninga at sjukehuset set stor pris på den strålande gåva som vil betre tilbodet for pasientane.
- God diagnostikk er viktig. Skal du gjere noko for folk for å hjelpe dei, må du første vite kva som feilar dei. Å vere sjef for eit sjukehus som kan fornye seg, er fantastisk. Bidraga frå deg og familien gjer noko med oss, sa Kvinnsland om dei rause gåvene frå Trond Mohn.
- Heile undersøkinga tok berre ti minutt, men det beste av alt er at eg fekk bekrefta at eg er frisk, fortel Aud Vikøyr. Ho har mykje hjartesjukdom i familien, og er ein av pasientane som har fått sjekka hjartet sitt med den nye maskina.
Ny generasjon CT
Nordrehaug fortel at ny CT har stått på ønskelista til Hjarteavdelinga i ti år, og at maskina som no er på plass tilhøyrer ein ny generasjon CT-maskiner som tar gode bilete også av deler i kroppen som er i rørsle.
- Hjartet er heile tida i rørsle, og det har vore ei utfordring å få gode nok bilete. Men no er det slutt på det, for denne nye maskina tar bilete på under eitt sekund, og er rask nok til å få skarpe bilete av både hjartet og blodårene kring hjartet, forklarer Nordrehaug.
Avdelingsdirektøren trekkjer også fram at den nye maskina har svært lite røntgenstråling samanlikna med eldre maskiner.
15 millionar
Litt fram i tid regnar Nordrehaug med at 6000-8000 pasientar kvart år vil ha nytte av den nye CT-maskina. Prisen for maskina medrekna ombyggingar har havna på om lag 15 millionar kroner.
- Maskina passar svært godt til vår bruk. Også til forsking vil det vere ein stor fordel å nytte den for å følgje utviklinga av sjukdom i kransårene til hjartet, sidan det er den hyppigaste årsaka til hjarteinfarkt og dødlegheit i den vestlege verda. Dette er starten på ei ny tid, seier Nordrehaug.
Fakta om Hjarte-CT:
Hjarte-CT representerer ei teknisk vidareutvikling av computer tomografi som brukast til framstilling av bilete av organ og beinstruktur inni kroppen. Trass i at hjartet heile tida er i rørsle, kan den nye CT-maskina få skarpe, gode bilete av hjartet og kransårene til hjartet.
Å ta bilete av hjartet tar om lag eitt sekund, mens bilete av heile kroppen tar rundt tre-fire sekund.
Publisert
16.12.2011 15:40 |
Endret
16.12.2011 15:49