Ny MR-maskin sikrar fagmiljøet på Voss 

27. januar var det offisiell markering av den nye MR-maskina på Voss. – Dette sikrar eit robust, solid og større fagmiljø hos oss, og det er vi stolte av, seier Rolf Abrahamsen, direktør ved Voss sjukehus.
Av Anette Hellstrøm. , Haukeland universitetssjukehus
 



Administrerande direktør Stener Kvinnsland klipper snora som går igjennom gangen mellom det gamle og nye bygget.
Foto: Kari Lemme Hernes  

Velkomsttale, kaker, frukt, mineralvatn og kaffi satt ramma for den uhøgtidelege markeringa av den viktige nyvinninga. Maskina på Voss er den femte i rekka i Helse Bergen, og gir auka kapasitet for MR-undersøkingar i heile føretaket.

– Ny MR er eit signal om Helse Bergen si satsing på Voss sjukehus. Sjukehuset skal vere eit slagkraftig og framtidsretta lokalsjukehus, sa administrerande direktør Stener Kvinnsland.

Tette band mellom Voss og Bergen
For å få plass til doningen har Voss måtte utvide med eit heilt nytt påbygg attmed den eksisterande røntgenavdelinga. For å få maskina inn måtte dei heise den gjennom eit hol i veggen og montere den på staden.

– Det har vore ein lang, men god prosess. Alle som har medverka til å få dette i hamn har gjort ein kjempeinnsats, seier Abrahamsen.
Røntgenavdelinga på Voss har allereie eit tett samarbeid med Radiologisk avdeling på Haukeland. Føremålet er at avdelinga på Voss skal avlaste avdelinga på Haukeland.

- Vi er svært glade for denne store satsinga, seier Abrahamsen.

Ei all-round-maskin
- Vi kan utføre hjerne-, rygg-, ortopediske-, lever-, bukspyttkjertel- og mage-tarm-undersøkingar her hos oss. Dette er ei all-round-maskin, seier Abrahamsen.

Den nye MR-maskina er av typen 1,5 T Siemens Aera og har 70 cm opning og 145 cm lang tunnel.


Publisert 30.01.2012 14:55 | Endret 30.01.2012 15:23 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo