Ny avtale for meir aktive tilsette 

Helse Bergen har som mål å vere ein arbeidsplass som fremjar helse. Ein ny samarbeidsavtale mellom sjukehuset og idrettslaget (HSI) skal bidra til å auke aktivitetstilbodet retta mot tilsette.
Av Anne Christine Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

Haukeland sykehus idrettslag, HSI Ny avtale skal gi meir aktive tilsette. Her er det fysioterapeut Aina Yvonne Arnetvedt som leiar oppvarminga.

Eit felles mål for Helse Bergen og Haukeland sykehus idrettslag (HSI) er å støtte førebyggjande og helsefremjande arbeid ved å tilby tilsette trening og aktivitet. No har sjukehuset inngått ein avtale med HSI for å klare nettopp dette.

Trening med rettleiar
Sidan 2009 har om lag 200 tilsette ved Haukeland universitetssjukehus gjennom HSI fått høve til å delta i organisert styrketrening med rettleiing om ettermiddagane.

Dette har vore ei prøveordning, der målet har vore å tilby styrketrening i ein periode på åtte til ti veker for å redusere risiko for belastningsskadar.

Og det viser seg at deltakarar som har fylgd opplegget med rettleiing har fått betre helse og redusert fråvær.

Trening på dagtid
Bedriftsidrettslaget vil no få støtte frå sjukehuset til å halde fram med det eksisterande tilbodet. Nytt frå i haust er at interesserte også kan få tilbod om gruppetrening på dagtid. Alle deltakarar vil få eige treningsprogram tilpassa av fysioterapeut.

- Helse Bergen har nyleg vedteke ein strategi for førebyggjande og helsefremjande arbeid. HSI har jobba med dette i mange år, og saman med dei kan vi enklare nå måla i strategien. Gjennom denne avtala ønskjer vi å støtte tilbodet om treningsrettleiing for å auke aktiviteten blant tilsette, seier personaldirektør Trond Søreide.

Nøgd med avtalen
- Dette er ein god avtale for oss. Det eksisterande tilbodet vert sikra, og endå fleire kan få tilbod om trening med rettleiar. Samarbeidet med sjukehuset gjer at vi kan auke aktivitetsnivået på andre område, seier Rune Haagensen som er leiar i HSI.

Avtalen som no er inngått, er gyldig ut 2012. Han opnar også for samarbeid om treningstiltak for andre grupper, til dømes folk som er sjukmeldte eller som kan kome til å verte sjukmeldte.

Ønskjer du å melde deg på?
Du finn påmeldinga på Intranett for Helse Bergen.


Publisert 05.09.2011 14:55 | Endret 06.09.2011 10:59 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo