– Au, det svei!
Helene (10) og Sara (11) har akkurat fått kvar sin augedrope i høgre auge. Dropen skal oppheve nærinnstillinga i augelinsa, altså krumminga som skjer i auga når vi ser på nært hald.
Med ein augedrope opphevar konstituert overlege Ragnhild Jansson Helene si evne til
nærinnstilling.
| |
Forskingsdagane i Bergen er eit breitt samarbeid mellom forskings- og utdanningsinstitusjonane i byen og eit utval samarbeidspartnarar.
I år er Forskingsdagene frå 24. september til 3.oktober |
| |
|
– For å kunne måle den riktige brillestyrken for å sjå på avstand må evna til nærinnstiling opphevast, forklarar konstituert overlege Ragnhild Jansson ved
Augeavdelinga.
– Det var ekkelt med ein gong, men det går fint no, seier Helene og blunkar endå ein gong.
– Er det berre èin augedrope vi skal ta? Spør Sara. Og pustar letta ut når svaret er ja.
Elevar på 5. og 6. trinn ved Kronstad skole deltar i skuleprosjektet ”Vi utforsker øyet” saman me Augeavdelinga på Haukeland. Resultatet skal presenterast under Skoledagen på Festplassen under Forskingsdagane i Bergen 2010.
Sjukepleiar Stian Simonsen følgjer nøye med når Valentin (11) testar synsstyrken sin
På Augeavdelinga fekk elevane testa både fargesyn, djupnesyn og synsstyrken på kvarandre ved hjelp av synstavler. I tillegg fekk dei altså måle brytninga i auge med eit instrument som foreslår brillestyrke før og etter at dei får dei før omtalte augedropane.
Under oppsyn av lege Sindre Ekren testar Panumas brytninga i auge på Mohammed.
Elevane vil i ettertid kunne analysere kor stor forskjellen blir i brillestyrke før og etter oppheva nærinnstilling.
Publisert
30.08.2010 09:30 |
Endret
01.09.2010 22:34