MR-julegåve frå Trond Mohn  

Trond Mohn var nok ein gong i det gåvmilde hjørnet då han besøkte Haukeland fredag. Ei ny 3-Tesla MR-maskin var julegåva, ei maskin som er svært viktig i arbeidet med å stille riktige diagnosar på pasientane
Av Mona Høgli, Foto: Øyvind Blom, Haukeland universitetssjukehus
 

Mohn åpna den overraskande gåva under arrangementet for utdeling av stipend frå Bergen Medisinske Forskningsstiftelse.

Etter at dei fire stipenda var utdelt, skulle Trond Mohn holde et innlegg med tittelen: Hvorfor medisinsk forskningsstiftelse?
- Eg svarar som den nordnorske jenta: Æ skjønne ikkje spørsmålsstillinga! Eg likar å gi, saman skal vi gjere kvarandre gode, vi skal ta ansvar – og vi skal ha mykje gøy framover! sa Trond Mohn.

Trond mohn gir ny 3-tesla MR-maskin til Haukeland


Så proklamerte han at han ville vere julenisse, og kom med den overraskande nyheita om at han vil gi pengar til ei heilt ny 3-Tesla MR-maskin. Maskina har ein kostnad på om lag 15 til 20 millionar kroner, og Mohn gir gåva gjennom Bergen Medisinske Forskningsstiftelse.

Haukeland har ei slik maskin frå før, og den er viktig både i forsking og i arbeidet med å stille meir presise diagnosar på pasientane. No vil det bli endå større moglegheiter med ei ny maskin av same type.

- Dette er heilt fantastisk! sa administrerande direktør Stener Kvinnsland. Han var ein av dei få som visste om gåva på førehand, Trond Mohn har alltid ein diskusjon med Kvinnsland på førehand for å sikre at sjukehuset får den gåva sjukehuset treng.

- Gåvene frå Mohn er alltid uproblematiske i den forstand at det alltid er sjukehuset sine prioriteringar som styrer kva pengane skal gå til, sa Kvinnsland.

Trond Mohn brukte barneboka Regnbuefisken som bilete på kvifor han har gitt bidrag både til forskingsstiftinga og til sjukehuset. Med stor innleving fortalde han om Regnbuefisken som svømte rundt i havet og var så einsam. Det var først då han begynte å gi bort nokre av dei sølvskimrande skjella sine at han blei lykkeleg.

- Den boka kan eg anbefale både foreldre og besteforeldre, sa Mohn då han hadde delt ut årets julegåve på Haukeland.

 


Publisert 16.12.2011 16:05 | Endret 19.12.2011 09:23 

 Fleire gåver

Ei gåve frå Bergens medisinske forskingsstifting: Ny dyre-PET kan løyse helsegåter Les meir hos Universitetet i Bergen
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo