INFORMASJON OM INDIKASJON OG REKVIRERING
Vurdering av perifert blodutstryk kan bestillast i DIPS. Prøve blir tatt av bioingeniør, og utstryk blir laga på Laboratorium for klinisk biokjemi, LKB. Utstryket blir så vurdert av vakthavande hematolog, og resultatet blir ført over i DIPS.
Hb, MCV og differensialteljing skal alltid bestillast før ein rekvirerer blodutstryk.
Indikasjonar for å rekvirere blodutstryk er følgjande:
• Hemolyse
• Normocytær anemi der årsaka stadig er uklar etter innleiande klinisk og biokjemisk evaluering.
• Granulocytose utan sikker årsak etter innleiande klinisk og biokjemisk evaluering
• Mistanke om leukemi etter klinisk evaluering eller ut frå vurdering av instrumentell celletelling/differensialtelling i perifert blod.
For andre anemitilstandar vil ein vanlegvis få tilstrekkelig informasjon frå differensialteljing og resultat frå analyse av andre biokjemiske parametrar, og blodutstryk skal ikkje rekvirerast. Ved granulocytose og samstundes mistanke om leukemi kan blodutstryk vere indisert. Dersom infeksjon er sannsynleg årsak til leukocytose/granulocytose skal ein vurdere å rekvirere blodutstryk berre dersom forløpet blir avvikande og leukocytose/granulocytose ikkje går tilbake i takt med klinisk betring.
Ved normalt diagram blir utstryket ikkje vurdert av hematolog. Dersom rekvirerande lege likevel meiner at det er indikasjon for blodutstryk, må det sendast intern tilvising med utførlige kliniske opplysningar til hematologisk seksjon, Medisinsk avdeling. Blodutstryk må samtidig rekvirerast på nytt og legen må merke av i feltet ”Merknad fra rekvirent” at tilvising til hematologisk seksjon, Medisinsk avdeling er sendt.
Når det er bestilt hematologiske analysar vil diagrammet frå hematologi-instrumentet bli vurdert av bioingeniør, og ved mistanke om alvorleg patologi, blir rekvirerande avdeling kontakta.
Publisert
09.02.2012 02:00 |
Endret
16.02.2012 13:28