MIA

Lab-info: Luftvegsinfeksjonar 

Mikrobiologisk avdeling nyttar PCR-teknikk for å påvise følgjande luftvegsagens
        * Influensavirus
        * Respiratorisk syncytialt virus (RS-virus)
        * Humant metapneumoviru
        * Bordetella pertussis
        * Mycoplasma pneumoniae
        * Chlamydophila pneumomiae
 

Analysar for luftvegsinfeksjon med virale agens
For influensavirus, RS-virus og humant metapneumovirus er agenspåvising med PCR den mest sensitive og spesifikke analysen, tatt tidleg, i dei første 1 - 2 vekene av sjukdommen.
PCR erstattar serologisk "0-prøve"/akuttfaseprøve.
Antistoffpåvising mot influensa vert fortsatt utført ved sjukehistorie over 2 veker. Dersom dette ikkje er opplyst, vert prøven ikkje analysert.

Analysar for luftvegsinfeksjon med bakterielle agens
For Bordetella pertsussis (kikhoste), Mycoplasma pneumoniae og Chlamydophila pneumoniae er agenspåvising med PCR også den mest sensitive og spesifikke analysen tatt tidleg, før 4. veka i sjukdomsutviklinga. Antistoffpåvising er indisert tidlegast frå 3 - 4 veker etter symptomdebut.
PCR erstattar serologisk "0-prøve"/akuttfaseprøve. Serologisk prøve vert ikkje analysert utan kliniske opplysningar om meir enn 2 vekers sjukehistorie.

Materiale og prøvetaking
Nasofarynksprøve
Før ein tynn pensel forsiktig og nesten horisontalt, ikkje på skrå, oppover langs botnen av nasegangen så langt bak som mogeleg, til den støyter mot bakre farynksvegg. Roter penselen i nokre sekund, helst meir enn 5 sekund.

Hals-/svelgprøve som tilleggsprøve eller alternativ prøve
Stryk ein pensel over tonsillar, ganebuer og bakre svelgvegg.
Begge penslane kan overførast til same prøverør med virustransportmedium. Skjema for bestilling av penslar og transportmedium sjå:
www.helse-bergen.no/fagfolk/laboratoriene/Sider/provetakingsutstyr.asp
 
Ekspektorat
Ekspektorat kan undersøkjast i tillegg ved nedre luftvegsinfeksjon.
 

           Elling Ulvestad                           Gro Njølstad
            avdelingssjef                       kst. seksjonsoverlege
                                                       Virologisk seksjon

 

 

 

 

 

 

 


Publisert 11.11.2011 05:05 | Endret 16.11.2011 14:30 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo