Lab-info: Cøliakiantistoff 

Cøliakiantistoff  vert analysert ved Laboratorium for klinisk biokjemi og omfatter analysane s -Anti-transglutaminase2 IgA og s-Anti-deamidert gliadin IgG

 

Serologisk diagnostikk er innleiande ved mistanke om cøliaki. Det er vist at kombinasjonen Anti-transglutaminase2 IgA og Anti-deamidert gliadin IgG gir svært høg sensitivitet og spesifisitet for å avklare om ein pasient (vaksne og barn) har cøliaki, (sensitivitet rundt 95% og spesifisitet opp til 99%). Ved glutenfri diett i tida før prøvetaking kan analysane verte falsk negative, sjølv om pasienten har cøliaki.
Det er kun unntaksvis indisert å gjere sjukdomsassosiert HLA-typing for cøliaki (høg negativ prediktiv verdi).

Laboratoria legg om til nye rutinar og metodar for utføring av desse analysane frå 17. oktober 2011. Omlegginga vil føre til raskare svartid. Analyseresultata vil framleis verte utgitt som negativ, grenseverdi og positiv.

Analysane skal rekvirerast som s-Cøliakiantistoff på skjema frå Laboratorium for klinisk biokjemi.
Prøvemateriale er 0,5 mL serum. Bruk eige gelrør til prøven.
Cøliakiantistoff vert analysert mandag til fredag.

Sverre Sandberg                            Erik Florvaag
avdelingssjef                                seksjonslege
Lab. for klinisk biokjemi                 Lab. for klinisk biokjemi

Einar K. Kristoffersen
seksjonsoverlege
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin

 


Publisert 13.10.2011 14:15 | Endret 18.10.2011 14:21 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo