Kreftmedisin gir markert forbetring for ME-pasientar 

Ny forsking ved Haukeland universitetssjukehus gir positive behandlingsresultat for pasientar med kronisk utmattingssyndrom.
Av Anette Hellstrøm & Ragnhild D. Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

Fluge (t.v) & Mella. Foto: Tor Erik H. Mathiesen.

Per i dag er det inga etablert eller akseptert behandling med medisin ved ME (myalgisk encefalomyelitt/kronisk utmattelsessyndrom). Den positive responsen på den nye behandlinga kan og peika på ei årsak til sjukdommen, som i dag er ukjend. Forskingsresultata vart publisert i tidsskriftet PLoS One (Public Library of Science) 19.10.2011.

Ulik varigheit på respons
Saman med avdelingsdirektør og professor Olav Mella ved Kreftavdelinga, leier overlege dr.med. Øystein Fluge forskingsgruppa som no har gjennomført både ein pilotstudie på tre ME-pasientar og deretter ein klinisk studie på ytterlegare 30 ME-pasientar.

Forskarane har gitt halvdelen av ME-pasientane to infusjonar av antistoffet Rituximab, medan andre halvdel fekk placebo (ikkje aktivt stoff). Denne immunregulerande medisinen reduserer talet på B-lymfocyttane (ein celletype i immunapparatet). Pasientane vart observert i eitt år.

– Resultata viser at behandlinga med Rituximab har gitt klar forbetring hos om lag 2/3 av pasientane, fortel Mella.

Responsen på behandlinga har hatt ulik varigheit frå minimum 2-3 månader og opptil meir enn 12 månader, og to pasientar har ikkje fått tilbakefall etter meir enn to års observasjon.

Autoimmun sjukdom
Ifølgje Fluge gir desse resultata ein sterk indikasjon på at B-lymfocyttane spelar ein viktig rolle i ME sitt sjukdomsbilete. At dei ser respons på denne typen behandling kan også seie noko om den hittil ukjende årsaka til sjukdommen. Dette er svært viktig for denne pasientgruppa.

– På bakgrunn av pasientobservasjonar og gjennomgang av litteratur er hypotesen vår at ME i utgangspunktet er ein immunologisk, sannsynlegvis autoimmun sjukdom hos mange pasientar, seier Mella.


Publisert 19.10.2011 19:30 | Endret 27.10.2011 13:39 

 Les meir

Foto: Colourbox.com
Til tross for eit godt resultat er dette framleis på forskingsstadiet, og ikkje ein godkjent behandlingsform. Det er viktig med ytterlegare studiar for å kartleggje behandlinga og sjukdomsmekanismane.   

Pasientane til dei pågåande og godkjente studiane er allereie inkludert. Det er difor ikkje mogleg å ta inn fleire ME-pasientar til studiane ved Haukeland universitetssjukehus.

Ta kontakt med din fastlege dersom du ønskjer meir informasjon rundt behandling av ME. 

 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo