Opna dialysesatellitt i Fjell kommune

Kortare reisetid til behandling 

I dag opna den nye dialyseeininga på Straume, som er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Fjell kommune. Dagens første pasientar er svært glade for det nye tilbodet.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 

– Eg har meir enn halvert reisetida mi til behandling no når eg får den hjelpa eg treng her i Fjell. Det gjer godt, for eg er ingen ungdom lenger, seier  Samuel Jakobsen.

82-åringen har reist frå Rong i Øygarden til Haukeland for å få dialyse to gongar i veka i tre år.

– No tek turen 25 minutt i staden for nærare ein time. Det kjem til å gjere ting enklare for meg, seier han.

Dialysepasient Samuel Jakobsen, fekk blomst av ordførar i Fjell kommune, Eli Årdal Berland, då han var ein av dei første pasientane som fekk behandling på den nye eininga.

Førstemann ut
I dag var Jakobsen ein av dei første som fekk behandling på den nye dialyseeininga på Straume. Både ordførar, helsesjef og rådmann i Fjell kommune møtte opp for å opne eininga.

– Vi er glade for å kunne vere med på å gje innbyggjarane i Fjell og nabokommunane  dette tilbodet, som først og fremst betyr mykje kortare reisetid til behandling for dialysepasientar. Samarbeidet med Haukeland universitetssjukehus har vore upåklageleg, sa ordførar i Fjell kommune, Eli Årdal Berland, i opningstala.

Nært men trygt
– Dette er ei pasientgruppe som treng trygge, positive omgjevnader og der det er ein fordel med kort veg til behandling, seier avdelingssjukepleiar Njål Olav Husøy ved Medisinsk avdeling post 2 Dialyse på Haukeland.

– Dialysesatellittar er vanlege her i landet, men berre der det er lang veg å reise til sjukehuset. Dette blir den første nære satellitten i Noreg, fortel han

Husøy ser fleire fordelar med ei dialyseeining som ligg nær pasientane og samstundes under 30 km frå Haukeland.
 
– For det første får sjølvsagt pasientane i nærområdet kortare veg. For det andre er det ein fordel med kort veg til sjukehuset dersom noko skulle skje, enten at pasienten brått blir dårleg eller at utstyret sviktar. Vi flyttar ut dit pasientane er, men eininga er likevel tilknytt oss, presiserer han.


Publisert 18.10.2010 15:15 | Endret 29.10.2010 12:37 

 Publisert av eining

 FAKTA

- I ein prosjektperiode på tre år skal Helse Bergen leige lokale i Straume bu- og servicesenter og bemanne eininga.

- Dialyseeininga skal dekkje kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, eit område på nærare 60 000 menneske.

- Den desentrale dialysen på Straume er del av eit halvannalinjetilbod og skal inn i eit planlagt distriktsmedisinsk senter.

- Eininga skal ha fem plassar og i starten vere i drift tre dagar i veka.

- Planen er at eit slikt distriktsmedisinsk senter skal stå ferdig i 2012-13.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo