|
| Grethe Sæterlid er snart tv-stjerne. |
– Det var uvant å ha eit stort kamera og lydmann med overalt kor eg gjekk. Men du venner deg fort til det, faktisk, seier sjukepleiaren ved
Kirurgisk klinikk post 2, urologi.
– Når du er i pasientsituasjonar gløymer du litt at dei er der.
Ho smiler.
– Sjølv om eg merka at eg skalv første gongen dei skulle ha nærbilete av hendene i arbeid.
Breitt utval
Sæterlid er ein av åtte tilsette som dei siste vekene har blitt filma til TV3 serien Sykehuset, som skal sende 40 episodar frå kvardagslivet på Haukeland universitetssjukehus komande haust.
Fleire andre har blitt testfilma, og til saman reknar produsent Torstein Røste i Limelight Film &TV AS at i alt 15 til 17 tilsette blir med i serien.
Målet er at dei skal representere sjukehuset på ein brei og god måte – ulike stillingar, ulike avdelingar, begge kjønn og god aldersspreiing. Røste er svært fornøgd med både dei komande tv-stjernene og møtet med sjukehuset.
– Vi har nesten utelukkande blitt positivt mottatt, seier han.
– Og vi har fått god hjelp frå leiinga.
Dato for første episode er ikkje endeleg fastsett, men ifølgje Røste ser det ut til å bli tidleg i september.
Skrekkblanda fryd
For sjukepleiar Sæterlid framkallar tanken på første episode skrekkblanda fryd.
– Dess nærare det kjem, dess meir tenkjer eg: kva er det eigentleg eg har gitt meg ut på! Ikkje minst kva eg har sagt i dei ulike situasjonane, og reaksjonane frå andre tilsette på sjukehuset: ”gjer ho det sånn??”
Ho ler. Skrekken sit ikkje djupt. Og ho er sikker på at serien blir ei fin profilering av sjukehuset.
– Forhåpentligvis viser serien at det ikkje er så skummelt å hamne på sjukehus som mange trur.
Publisert
25.06.2010 15:25 |
Endret
28.06.2010 13:45