Kom til (V)oss! 

Legeromantikk og lokalpolitikk, alt akkompagnert av husorkesteret Wannabes. Tør du verkeleg gå glipp av ”Is i brodden”; årets sjukehusrevy på Voss?
Av Tekst: Ragnhild Dårflot Olsen Foto: Øyvind Blom , Haukeland universitetssjukehus
 

– Revyen dekkjer både lokalpolitiske saker, sjukehuslivet – med legeromantikk – og saker litt lenger ute i distriktet som lett let seg skrive om, fortel ei av eldsjelene i revyen; Ruth Kristin Trå.

Sniktitt frå årets førestilling:

Gamle heltar
Gamle superheltar på venterommet til poliklinikken: Supermann har kollidert med lydmuren, ein KOLS-sjuk Tarzan og Jane følgjer han. Frå venstre Hans Jørgen Nilsen, Nils Bjarne Hommedal og Marianne Almeland.

Revygjengen på Voss består av 15 ivrige revyskodespelarar, med Marit Norheim Olde som instruktør.
– Vi er både legar, fysioterapeutar, sekretærar, pleiarar, bioingeniørar og dei som er meir teknisk anlagt, og vi har det heilt topp! fortel Trå.

Frå nummeret Åndenes (sjuke)hus
Spøkjer det på Åndenes (sjuke)hus? Frå venstre: Margunn Røssland, Ruth Kristin Trå og Anne Karin Øvsthus

Med unntak av eitt nummer har gjengen skrive alt materialet sjølve. Ifølgje Trå er det halvt om halvt med musikk og sketsjar, og musikarane er ingen ringare enn Wannabes. Det lokale og svært populære bandet er både husorkester og spelar til dans etterpå.

"Is i brodden" blir spelt i Fraktgodsen på Voss

Fredag 18. februar kl. 20.00
Laurdag 19. februar kl. 20.00
Dørene opnar kl 19.00

Under ser du ein snutt frå ei av øvingane:


Publisert 15.02.2011 14:20 | Endret 15.02.2011 21:24 

 Publisert av eining

Sjå heile plakaten her
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo