Kjent protein kan hjelpe kreftpasientar 

Nye metodar kan gjere det enklare å stille diagnose for og å behandle kreftsjukdomen akutt myelogen leukemi (AML). Det viser nye studiar av proteinet p53.
Av Anne Christine F. Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

- Det har ligge mykje uutnytta potensial i all kunnskapen vi har om dette proteinet, men våre funn peiker no på muligheiter for endeleg å kunne ta i bruk kunnskap i fleire ledd av pasientoppfølginga, seier professor Bjørn Tore Gjertsen ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus til Kreftforeningen.no.

Ny viten
Gjertsen er forskingslege og leiar ved Klinisk forskingspost for vaksne ved Haukeland universitetssjukehus. I haust publiserte Gjertsen og forskingsgruppa hans ein artikkel om det dei har funne ut om protein p53 så langt. Dei har mellom anna funne ut korleis dei ulike kreftcellene reagerer på behandling.

Tilpassar behandlinga
- Vi trur vi kan nytte kunnskapen betre i utgreiinga for å gi pasientane meir tilpassa behandling, seier Gjertsen.
Kreftforeniniga har vore med å finansiere forskingsprosjektet rundt AML, og du kan lese heile saken på Kreftforeininga sine nettsider.


Publisert 07.12.2011 08:45 | Endret 07.12.2011 09:04 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo