Julegåve frå venner  

11 pasientrom får splitter nye 42 tommers flatskjermar frå Haukelands venner til jul. Trygve Hillestad frå Haukelands venner troppa opp på Kirurgisk post 2 og overrekte julegåva sist fredag.
Av Tekst & foto: Øyvind Blom, Haukeland universitetssjukehus
 

– Tusen takk, Trygve. Det kjem alltid noko godt ut av det du og Haukelands venner gjer for sjukehuset, sa klinikkdirektør August Bakke på Kirurgisk klinikk ved overrekkinga fredag.

Haukelands venner Julegåve til pasientar på Kirurgisk post 2: Frå venstre: ass. avdelingssjukepleiar Ørjan Dale Hiort, Avdelingssjef avdeling for urologi Christian Beisland, avdelingssjukepleiar Kjersti Hufthammar og Trygve Hillestad i Haukelands venner.

Seks av dei nye flatskjermane skal stå på Medisinsk avdeling og fem på Kirurgiske sengepostar i Sentralblokka. Skjermane er levert av Avab-Cac i Bergen.

Eldsjelene bak Haukelands venner starta i si tid Medisinsk Høyteknologisk Forskningsfond, som det då vart kalla, og har tidlegare samla inn fem millionar kroner til PET/CT scanneren på sjukehuset.


Publisert 19.12.2011 11:15 | Endret 19.12.2011 11:29 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo