- Dette er ein spennande dag. Eg er veldig fornøgd med episodane som eg har sett. Både sjukehuset, våre medarbeidarar og byen Bergen er framstilt på ein fabelaktig måte, uttalte administrerande direktør Stener Kvinnsland rett før det braka laus klokka halv åtte.
Nesten alle dei 17 fokuspersonane som vi skal følgje på TV 3 gjennom hausten hadde tatt turen for å sjå første episode saman. Stemninga var lettare nervøs i det programverten på skjermen ønska velkomen til ein ny sesong av den populære serien. Og for kvar reklamepause som gjekk etter det, vart applausen høgare og høgare.
Drit gøy
Kommentarar som ”dette er drit gøy” og ”tommelen opp” vart utveksla over borda, og sms-ane lot ikkje vente på seg.
- Eg har fått tekstmelding frå både naboar, familie og venner. Det gjekk heldigvis betre enn eg trudde å sjå seg sjølv på skjermen, fortel ein letta Håvard Seland, plastikkirurg ved Kirurgisk klinikk.
- Det er spennande å sjå korleis andre folk reagerer, men eg trur ikkje er blir kjendis av dette, ler ambulansearbeidar Kåre H. Johannessen som gler seg til neste episode som går tysdag 31. august klokka 19.30. Totalt skal det visast 40 episodar måndag til fredag dei neste vekene.
Gjekk du glipp av første episode? Sjå her!
Publisert
31.08.2010 15:15 |
Endret
01.09.2010 10:11