Idépris til ME-forskarane  

Avdelingsdirektør Olav Mella og overlege Øystein Fluge er vinnarar av Bergen Teknologioverføring (BTO) og Sparebanken Vest sin Idekonkurranse 2011. I går tok dei imot prisen på kr 100 000 under Bergen Næringsråd sin årskonferanse.
Av Øyvind Blom, Foto: BTO, Haukeland universitetssjukehus
 

Mella og Fluge under prisutdelinga torsdag

Målet med idèkonkurransen er å anerkjenne forskarar og fagmiljø som har spennende forskingsprosjekt og resultat, og å inspirere til vidare innsats.

Prisen blir delt ut for tredje gang, og skal gå til den beste nye ide eller forskningsprosjekt med kommersielt potensiale frå Bergensregionen.

Juryen bestod av: Audun Wiborg (Novator AS), Solveig Holm (Bergen Næringsråd), Karstein Lien (Sparebanken Vest) og Alf-Henning Drage (ved NHH).

Kriteria som ligg til grunn for prisutdelinga er modenheit i produkt, marknadspotensial, potensial for kommersialisering internasjonalt pluss at stipendet kan bidra til å ta prosjektet eit steg vidare i utviklingsprosessen.

Det er søkt patentering av metodikken i behandlinga av ME som representerer eit kommersielt potensial internasjonalt.

 


Publisert 18.11.2011 13:45 | Endret 18.11.2011 14:45 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo