Helse Bergen får 1,6 millionar kroner for å redusere ufrivillig deltid 

Føretaka i Helse Vest er tildelt nærare 7,5 millionar kroner for å intensivere arbeidet med å redusere deltidstillingar. Av desse midla går 1,6 millionar til eit prosjekt i Helse Bergen for å sikre nyutdanna sjukepleiarar fast full stilling.
Av Anne Christine F. Olsen , Haukeland universitetssjukehus
 
Personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide ved Haukeland universitetssjukehus
Helse Bergen har lukkast med å få 1,6 millionar til eit nytt prosjekt, kor nyutdanna sjukepleiarar blir tilsett i fast full stilling ved Haukeland universitetssjukehus sitt interne Bemanningssenter.

Trainee-ordning
Ved tiltreding går den einskilde gjennom eit introduksjonsprogram og får systematisk kompetanseoppfølging og variert praksis i to år. Som del av denne praksisen vil dei nytilsette sjukepleiarane arbeide i vikariat i sjukehusets ulike avdelingar.

Reduserer deltid
- På Haukeland universitetssjukehus har vi gjennom ulike tiltak jobba for å redusere uønska deltid. Gjennom denne trainee-ordninga ønsker vi å tilby nyutdanna sjukepleiarar fast full stilling frå første dag, og på den måten forene både sjukehuset og dei tilsette sine behov for tryggleik, jobbengasjement og kompetanse.

- Godt prosjekt
- Vi har stor tro på at erfaringane frå dette prosjektet kan nyttast i framtida – både i høve til sjukepleiarar og andre yrkesgrupper, seier Personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide ved Haukeland universitetssjukehus.

Han ser frem til å starte det praktiske arbeidet med dette prosjektet, som vil krevje tett samarbeid med Sjukepleiarforbundet, føretakets leiarar og sjukepleiefagleg råd på sjukehuset.

Mange får støtte
Stortinget har løyva 75 millionar kroner fordelt på tre år til tiltak som kan redusere ufrivillig deltid. Arbeids- og velferdsdirektoratet og VOX, nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk, forvaltar prosjektmidla knytt til satsinga for å redusere ufrivillig deltid.

Helse Vest er tildelt 5 865 000 kroner av desse millionane, medan 1,6 millionar skal nyttast til tiltak i Helse Bergen. Helse Vest ønskjer at prosjektet i Helse Bergen blir eit pilotprosjekt som kan danna erfaringar for heile føretaksgruppa.

Les også saken som ligg på Helse Vest sine nettsider om dette.

Publisert 08.11.2011 12:15 | Endret 08.11.2011 12:28 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo