Enkelte har ikkje har sett kvarandre på mange år og gleda over å møtast igjen er stor.
– De er våre læremeisterar og forbilde, og har betydd utruleg mykje for oss og for pasientane. De representerer det gode som sit i veggane her på Barneklinikken, seier klinikkdirektør Britt Skadberg til forsamlinga. Ho har saman med leiargruppa invitert pensjonistane for å markere jubiléet på sin måte.
Tilbake på arbeidsplassen: Foajéen på Barneklinikken har fått duk og dekka bord for anledningen.
62 år i 2012
Eit historisk tilbakeblikk over Barneklinikken som vart innvia 31. mai 1950 av Kronprinsesse Märtha er første post på programmet.
– Er det nokon som hugsar gasseksplosjonen på Barneklinikken i 1972? spør Skadberg seniorane.
Utallige hender kjem i veret og førstehandshistorier om gasslukta, om det store smellet midt i den travlaste tida på dagen og om evakueringa som vart gjennomført på rekordtid. Ei kvinne vart drepen og to skadde i ulukka.
Ser framover
Barneklinikken i framtida er også tema for pensjonistane. Konseptet om at spesialistane skal kome til barnet og ikkje omvendt, imponerer forsamlinga.
– Nesten så vi får arbeidslyst igjen, smiler fleire i salen etter eit blikk inn i planane om det nye Barne og ungdomssenteret som er inne i sitt første byggeår og skal byggjast over dei neste femten åra.
Acapellasong ved HABU-koret høyrer med. Fire syngedamer frå Habiliteringstenesta for barn og unge.
Publisert
02.02.2012 13:55 |
Endret
20.02.2012 09:51