Haukeland får tre nye nasjonale behandlingstenester 

I dag opna Kvinneklinikken (KK) ny nasjonal behandlingsteneste for gynekologiske fistlar. Tenesta er ei av tre nye nasjonale behandlingstenester som er tildelt Haukeland universitetssjukehus frå 2012.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 

– Ei fjør i hatten for våre gode fagmiljø, sa administrerande direktør Stener Kvinnsland under markeringa på Kvinneklinikken i dag.

Alle kvinner i Noreg med gynekologiske fistlar kan no bli tilvist til Haukeland. Fistlar er ein spesiell skade som ofte oppstår ved fødslar, operasjonsskadar eller tarmsjukdom, og som heldigvis er sjeldan her i landet

– Vi får landsfunksjon på bakgrunn av at vi har dyktige folk som har mye erfaring i å behandle gynekologiske fistlar i land som har høgare førekomst av slike skadar enn det vi har her i Noreg, sa Kvinnsland.

Internasjonalt samarbeid
Han understrekte samstundes tyngda av Haukeland sitt globale samarbeid med fleire internasjonale sjukehus.

– Dette samarbeidet har gitt oss kompetanse som vi har eit ansvar for å gi til alle dei som treng det også her i Noreg. Heile grunnlaget for det arbeidet vi gjer internasjonalt, kviler på at vi skal ha kompetanseoverføring begge veier, det er ein vinn-vinn-situasjon.  Ansvarstildelinga frå regjeringa er eit godt døme på at det nyttar å arbeide på denne måten, sa Kvinnsland.

Torvid Kiserud og overlege Jone Trovik skal behandle pasientar med gynekologiske fistlar.
Sårbar pasientgruppe
Under opninga på Kvinneklinikken fortalde professor og overlege Torvid Kiserud om korleis han opplevde sitt første møte med kvinner ramma av gynekologiske fistlar i Etiopia.

– Mitt møte med desse kvinnene er årsaka til at vi er samla her i dag, sa han.

– Kvinner med fistlar i underlivet er ein sårbar pasientgruppe med sjenerande plagar som ofte reduserer livskvaliteten betraktelig, også i Noreg. I mange tilfelle fører det til isolasjon. Det gjeld kvinner i heile verda, ikkje berre i u-land som Etiopia, fortel Kiserud.

Kiserud er ansvarleg for behandlingstenesta på Kvinneklinikken, som forventar å ta i mot 25-30 kvinner kvart år framover.


Publisert 16.12.2011 11:15 | Endret 16.12.2011 12:31 

 Publisert av eining

Kva er gynekologiske fistlar?

Les meir her

 Fakta

Det er regjeringa som gjennom statsbudsjettet har gitt finansiering av tre nye nasjonale behandlingstenester i Helse Bergen frå 2012. Dei tre nye er:

• Nasjonal behandlingsteneste for gynekologiske fistlar
• Nasjonal behandlingsteneste for vestibularisschwannom (godarta svulst frå balansenerven)
• Nasjonal behandlingsteneste for funksjonsforbedrande kirurgi ved tetraplegi (tverrsnittlammelsar etter nakkeskader)

I 2012 vert det foreslått å opprette til saman 24 nye nasjonale behandlingstenester fordelt på ulike sjukehus i heile landet. Desse vert delt inn i 12 nye nasjonale behandlingstenester, to fleirregionale behandlingstenester og ti nasjonale kompetansetenester.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo