Med 2 gull, 1 sølv og 1 bronse til Haukeland var det ingen tvil om innsatsviljen frå vårt eige idrettslag.
|
Mia Hjelle tok gullet hem i golf.
|
HSI Fotball Old Boys kapra gullet etter ein heroisk innsats mot nokre av dei tøffeste old boys-laga i Skandinavia. Gull fekk også bioingeniør Mia Hjelle som hadde to fantastiske dagar på golfbanen nord for København.
Innebandy herrar storspelte gjennom heile meisterskapet, men måtte sjå seg slått 3-5 av Akademiska sjukhuset i Uppsala i finalen. Likevel var sølvet vel fortent.
Underteikna overhøyrde to Akademiska-spelarar på banketten laurdag kveld: "Dom löp jo som jävlar!!!"
Innebandyjentene hamna på ein fantastisk 5. plass. Dei kapra med andre ord jumboplassen. Berre eitt einaste mål scora dei i meisterskapet. Vi nemner ikkje kor mange baklengs. Men engasjementet var der, humøret var der og ikkje minst - dei var den aller beste heiagjengen herrelaget kunne ha fått.
Den store overraskinga var operasjonssjukepleier Dieter Hirsch-Nilsen som utklassa fire av fem svenskar i tennis, og det heile vart avslutta med ein velfortent bronsemedalje.
Handballdamene storspelte i sin siste kamp. Med innebandygutane som den mest bråkete heiagjengen i meisterskapet, banka dei Arendal sjukehus heile 21-7. Men dessverre så var ikkje det nok til å nå pallen for denne gang.
Fotballdamene vann 2-0 mot Lillehammer og tapte 0-2 mot MSE Fritid. Under den siste kampen sleit laget med skadar og tapte 1-6 mot Akademiska sjukhuset, men då utan innbytarar. Det hadde ingenting å seie for innsatsviljen og humøret.
Ellen Beate Johansen var den einaste kvinnelege bowlaren frå HSI. Ho havna til slutt på ein fin 29. plass der 54 deltakarar bowla om medaljane. Ei god prestasjon med tanke på at dette var Johansens første meisterskap nokon sinne.
Av dei 18 mannlege bowlinglaga som deltok, kom HSI sine to lag på 10. og 11. plass.
En fornøgd president
Idrettspresident i HSI, Rune Haagensen er fornøgd etter alle medaljane og ikkje minst innsatsen i København.
- Innsatsen har vore over all forventning. Den store bomba var innebandyfinalen. Etter å ha sett dei andre lagane spele, hadde vi ingen forventningar om å kome så langt som vi gjorde, seier Haagensen.
Det sosiale er viktig
Mesteparten av HSI-deltakarane var under meisterskapet innlosjert på eit flott hotell rett ved Rådhusplassen i København sentrum.
- Det er ikkje berre det sportslege som tel, det sosiale er minst like viktig. Og når vi budde på eit hotell med ein grøn og frodig bakgardshage som samlingspunkt etter alle matchane, kan vi garantert konkludere med at turen har vore svært vellykka, fortel president Haagensen vidare.
Tre gode minner
- Det er spesielt tre ting eg kjem til å hugse godt frå København. Samhaldet og allsongen for fotballherrane under banketten då dei henta gullet hem, innebandyherrane som den mest støyande heiagjengen i heile meisterskapet for handballdamene då dei slo Arendal, og ikkje minst for min eigen del; finalekamp i innebandy, med nesten alle HSI-deltakarane som heia oss til sølvet.
- No er det berre å lade opp til NM i Lillestrøm neste år, seier Haagensen.
Publisert
01.06.2010 21:35 |
Endret
09.06.2011 10:50