Revmatologisk avdeling, Barnekirurgisk avdeling og Eline S. Vik som jobbar på Storken har også levert inn flotte byggverk av Gamle hovudbygg. Klikk på biletet under for å sjå alle bygga:
Mandag vanka det premie, diplom og pepperkakemedalje til dei to vinnarane. Frå venstre: Jennie Hernæs, Mari Helene Kårstad og kulturbryggar Atle Halvorsen.
Fem kilo IKEA-deig, ein laurdag og ein søndag heime på kjøkkenet har gått med for å konstruere og setje saman dei søte bygningsdelane.
Alt er hundre prosent spiseleg garanterer dei to ernæringsekspertane.
- Heile huset inneheld faktisk nok kaloriar til ein vaksen person i ei heil veke. Pluss at det dekkjer D-vitaminbehovet, seier Jennie Hernæs og unnar alle å nyte ei pepparkake i ny og ne no i førjulstida.
Vinnarbidraget står allerede til utstilling på sjukehuset sin tomt i Pepperkakebyen i Bergen sentrum.
Revmatologisk avdeling sitt bidrag: Dei andre tre husa skal stå utstilt i Foajéen, Sentralblokka heilt fram til jul.
Etter originalteikingar
Gamle Hovudbygg-modellen til ernæringsfysiologane er i skalaen 1:100 og måler 78 cm x 40 cm. Kårstad gjorde grundig research og skaffa plan- og fasadeteikningar frå Prosjekontoret for å få eit mest mulig autentisk byggverk.
Luftetårn på taket, takvindauge, rosehagen og Vigelandstatuen «Tiggerne» i parken er med.
- Detaljnivået imponerte juryen, og gjorde til slutt utslaget. Men det er ingen tvil at dei andre tre bidraga også er heilt fantastiske, seier 2012-jubileumsgeneral Mona Vindenes. Juryen har bestått av Kulturbryggjar Atle Halvorsen, Egil Haugland og henne sjøl.
- Fantastisk, kreativt og sporty respons på ein invitasjon med så kort varsel, seier Vindenes om dei fire peparkakebidraga som har kome inn frå folk i sjukehuset. Ho fortel at til neste år når sjukehuset fyller 100 år er målet å lage heile Helse Bergen til Pepperkakebyen.
Publisert
29.11.2011 09:55 |
Endret
29.11.2011 10:41