Undersøkinga er ein del av sikkerheitskampanjen I trygge hender, og resultata skal brukast til forbetringsarbeid i føretaket ved å setje i verk tiltak der det er nødvendig.
- Det viktigaste med denne undersøkinga er at dei tilsette som er nærmast pasientane, no får mulegheit til å melde i frå oppover i systemet om korleis sikkerheita er ivaretatt der behandlar og pasient møter kvarandre, seier seniorrådgivar og kampanjeleder i Helse Vest Anne Grimstvedt Kvalvik
I løpet av uke 8 vil alle som jobbar i direkte kontakt med pasientar på sjukehuset få ein e-post med 16 spørsmål kring pasienttryggleikkulturen. Undersøkinga er anonym, og svaret kan ikkje sporast tilbake til avsendar.
|
| Pasientsikkerheitskoordinator Torhild Vedeler gler seg til at undersøkinga kjem i gang. Foto: Camilla C. Leinebø |
Kultur påverkar pasientbehandling
Pasientsikkerheitskoordinator ved Haukeland universitetssjukehus, Torhild Vedeler, fortel at sjølv om helsearbeidarar ønskjer å unngå pasientskadar, hender det nokre gonger at praksisen i verksemda utgjer ein trussel mot pasienttryggleiken.
– Det kan vere mangel på kunnskap om kva som påverkar pasienttryggleiken eller manglande kjennskap til standard prosedyrar. Men det kan også vere haldningar. Det er derfor veldig viktig at vi får kartlagt kulturen, og at det er dei som er nærmast pasienten som best ser kva som skjer i kvardagen som svarer på spørjeundersøkinga, seier Vedeler.
Publisert
20.02.2012 13:15 |
Endret
20.02.2012 13:38