Forskingsdagane byr i år, som tidlegare år, på eit smekkfullt, spennande og variert program. Alt er gratis, og gildet blir arrangert av utdannings- og forskingsinstitusjonar i Vestlandshovudstaden.
Haukeland universitetssjukehus er ein sentral aktør og bidragsytar med foredrag, skuleprosjekt og forskingsstasjonar;
Interaktive forskingsstasjonar
- Festplassen 24. september 11.30-16.00
Bli kjend med den minste cella i blodet
Blod inneheld blodvæske, raude og kvite blodceller. Visste du at det i blodet ditt også finst ei lita celle som er nødvendig for å stoppe blødingar? Denne cella blir kalla blodplate.
Kva hender dersom ein manglar blodplater?
Mange kreftpasientar får cellegiftbehandling som fører til at dei ikkje kan produsere blodplater sjølve. Då må dei få tilført blodplater frå ein blodgivar. Ved ei blodoverføring må blodplatene til givar og mottakar passe saman. Får ein feil type kan det oppstå komplikasjonar.
På denne stasjonen vil du, iført legefrakk, vere med på å setje saman riktige blodplater til rett pasient. Du får også sjå korleis vi lagrar blodplater i Blodbanken på Haukeland.
Alle får diplom for gjennomført oppgåve.
Kor lenge kan du halde pusten?
10 sekund, 20 sekund, kanskje i eitt heilt minutt? Du veit sikkert at lungene kan bli sjuke viss du pustar inn røyk og andre irriterande stoff, men visste du at nokon held pusten når dei søv? Av og til så lenge som to minutt – utan å vite det sjølv. Dei trur dei søv dårleg, og at det er derfor dei er veldig trøytte. Nokre må ha behandling med ei "pustemaske" for å bli bra.
På stasjonen vår får du puste i ei maske som er kopla til ein maskin som blæs luft inn i deg, medan vi måler korleis det påverkar deg. Du kan også få sjå korleis pulsen endrar seg når du er i aktivitet. Tør du å prøve?
Foredrag
- Bergen offentlige bibliotek
Personkjemi – kva skjer i hjernen?
Med hjelp av moderne hjerneavbildingsteknikk (fMRI) er det mogleg å sjå direkte på ein dataskjerm korleis hjernen fungerer. Kor avgjerande er hjerneforsking for vår menneskelege forståing?
Ved Professor Kenneth Hugdahl, kl. 13.00.
Kva skjer i oss og med oss under ein læringsprosess?
Det er lett å lære når vi syns ting er gøy. Det er ingen sak å lære seg å spele gitar eller å snakke spansk så lenge motivasjonen er på plass. Men kva skjer når ein må lære seg å leve utan ein arm eller eit bein?
Ved Sigrun Solberg, kl. 13.20.
Publisert
19.09.2011 13:00 |
Endret
19.09.2011 13:37