Førjulsgåve på 100 000 kroner frå Lions 

Lions sone Vest overrekte i dag Gastrokirurgen post 1 ein sjekk på 100 000 kroner til nye møblar på avdelinga. – Dette vart reine julaftan for oss, strålte avdelingssjukepleiar Lene Lønnheim.
Av Camilla Crone Leinebø, foto: Øyvind Blom, Haukeland universitetssjukehus
 



Avdelingssjukepleiaren innrømde at ho allereie har bestilt varar for pengegåva.

– Det vart ti stolar, to spisebord, ein lenestol, to tosetarar og fem flatskjermar. Heilt fantastisk, smilte Lønnheim.

– Endeleg kan vi slutte å vere flaue over korleis møblane våre ser ut. Mykje av det var så flekkete og slitt at det var pinleg overfor pasientane våre. Dette kjem til glede for både pasientar og tilsette. Tusen takk, sa ho.

Ei god handling
Det er fire ulike Lions-klubber som har gått saman om å samle inn pengar til Gastrokirurgen: Laksevåg, Askøy, Bergen Vest og Sotra.

Reidar Moss, Terje Høgtun og George Myrvold representerte dei fire klubbane under utdelinga.

– Vi visste at de trengte nye møblar for å auke trivselen på avdelinga, så dette er heilt i vår ånd. Ei god handling gjer meir nytte enn tusen gode tankar, sa Terje Høgtun då han gav sjekken frå seg, til stor applaus frå alle dei tilsette.


Publisert 14.12.2011 15:00 | Endret 14.12.2011 15:34 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo