Kunnskap om kva type antibiotika helsepersonell skal velge ved ulike problemstillingar, måling av antibiotikaforbruk og forsking vert viktige arbeidsområde for det nystarta kompetansesenteret.
Feil bruk av antibiotika er mykje av årsaken til at problemet med motstandsdyktige bakteriar aukar. Haukeland har erfaringar med VRE-bakterien og MRSA–infeksjonar.
Det nyoppretta nasjonale kompetansesenteret for antibiotikabruk i sjukehus. Frå venstre: rådgjevande farmasøyt Marion Neteland, overlege Per Espen Akselsen, kvalitetssjef Stig Harthug, og overlege Ingrid Smith.
I haust har det blitt gjort tilsettingar og etablert nettverk i fagmiljø nasjonalt, slik at senteret no er i gang.
3. og 4. november vart etableringa markert med samling av om lag 40 deltakarar frå heile landet på Solstrand.
– Antibiotika er det viktigaste legemiddelet som er utvikla og det har revolusjonert medisinen sidan det vart introdusert på tidleg 1900-talet. Motstandsdyktige bakteriar er dei siste åra også blitt eit problem i Norden, seier kvalitetssjef Stig Harthug.
Fagmiljø innan infeksjonsmedisin, smittevern, mikrobiologi og farmasi gjennom mange år nevner han som viktige føresetnader for å kunne ha eit slikt nasjonalt kompetansesenter i Bergen.
Publisert
14.11.2011 09:15 |
Endret
14.11.2011 13:34