Høyrer lyden frå filmen gjennom hørselvern som beskyttar for bankelyd: LIS-lege Siri Blomberg på Radiologisk avdeling prøver filmmuligheitene hos radiograf Roger Barndon.
Betre bilde
– Vi håpar dette nye tilbodet vil gi betre bildekvalitet for barn som blir undersøkt medan dei er vakne. Kanskje det gjer at tolmodet deira varer litt lenger og gjer det enklare å ligge stille, seier seksjonsoverlege for barneradiologi Kari Brurås på Radiologisk avdeling.
Om lag 1400 MR-undersøkingar av barn blir utført kvart år på Haukeland. Barn under fem år treng narkose, medan born over fem år kan klare det uten narkose.
Ei MR-undersøking varar oftast frå ein halvtime til ein time og barnet må ligge heilt stille mesteparten av tida.
Dei fleste barna som blir undersøkt medan dei er vakne tar bilde på 3-Tesla maskina i underetasjen på Sentralblokka der dei nye filmmuligheitene no finst.
Filmvisning er ingen standard utrustning på MR-maskiner: Skjermen i fotenden er synleg ved hjelp av ein liten spegel over andletet til pasienten.
Kostbart
HD-skjermen og dei optiske kablane er spesiallaga for at det ikkje skal øydeleggje bildene på MR-maskina, og er grundig testa på førehand at det har ingen innverknad.
Alt anna elektronisk utstyr som er med inn i det magnetisk skjerma rommet rundt MR-maskinen kan øydeleggje undersøkingar og må vere på utsida.
Filmutstyret som kom til sjukehuset bittelille julafta, kostar 220 000 kroner og er innkjøpt med tildelte midlar frå Rebekka Ege Hegermanns Legat.
Les også:
Ny, 3-Tesla-MR maskin i julegåve frå Trond Mohn
Første pasient undersøkt i MR på Voss i november 2011
Publisert
27.12.2011 13:50 |
Endret
27.12.2011 14:09