Nasjonal pasientsikkerhetskampanje

Får eigen koordinator innan pasienttryggleik 

– Ingen kan si nei til pasienttryggleik når ein jobbar på sjukehus, seier vår nye pasienttryggleikskoordinator Torhild Vedeler. I dag tiltrer ho i stillinga ved Seksjon for pasientsikkerhet.
Av Camilla Crone Leinebø, Foto: Øyvind Blom, Haukeland universitetssjukehus
 
Vedeler kjem frå stillinga som konstituert klinikkdirektør på Nevroklinikken. No skal ho bidra til at tryggleika til pasientane i Helse Bergen blir enda betre enn før.

– Målet er å byggje varige rutinar for det arbeidet som allereie blir gjort innan pasienttryggleik i Helse Bergen. På mange måtar handlar det om å sette kvardagen inn i eit system, for vi har potensiale til å bli enda betre på tryggleik for pasientane våre, seier Vedeler, som ser fram til å ta fatt på nye spennande utfordringar.

– Undersøkingar visar altfor mange pasientar får skadar under sjukehusopphald. Det kan vi ikkje tolerere. Mange av desse skadane kan bli unngått ved å auke fokus ytterlegare på pasienttryggleik.

Nasjonal satsing
Pasienttryggleikskoordinatoren skal følgje opp innsatsområda i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen ”I trygge hender”.

– Eg skal vere med på å koordinere og leggje til rette for at avdelingane på sjukehuset kan utføre aktivitetane som er bestemt av Helse og omsorgsdepartementet gjennom pasienttryggleikskampanjen, fortel Vedeler.

I første omgang har det vore særleg fokus på Trygg kirurgi og Samstemming av legemiddellister. I løpet av 2012 vil enda fleire innsatsområde bli introdusert.

– Døme på nye tema vil vere behandling av hjerneslag, tvang i psykiatrien, førebygging av infeksjonar i sentrale venekateter (CVK) og førebygging av liggjesår, presenterer Vedeler.

Rett person
– Sjølv om Helse Bergen har hatt fokus på pasienttryggleik i stor grad frå før, ser vi behov for ein eigen koordinator som kan leie arbeidet. Vi meiner Vedeler er rett person til å gjere ein god jobb, seier leiar for Seksjon for pasientsikkerhet, Stig Harthug.

Han legg til at det har blitt jobba bra med pasienttryggleik på fleire avdelingar i lang tid, men no skal alle med.

– Pasienttryggleik er ikkje berre for spesielt interesserte. Det er viktig i alle ledd på eit sjukehus. Då er vi avhengige av ein kulturendring og at leiarane vel å prioritere fokus på dette, seier Harthug. Han trekk fram at Vedeler sin arbeids- og leiarerfaring frå tidlegare då kjem godt med i jobben som pasienttryggleikskoordinator.

– Ho skal vere tilgjengeleg og hjelpe avdelingane med å sjå mogelegheitene i eksisterande tiltak som skal gjere sjukehusopphaldet enda tryggare for pasientane.


Publisert 01.11.2011 09:35 | Endret 01.11.2011 13:21 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo