- Det gir oss ein unik moglegheit til å forske på effekten av denne metoden, seier psykologspesialist Solfrid Raknes ved Barne- og undomspsykiatrisk poliklinikk ved Voss sjukehus.
Psykologspesialist Solfrid Raknes viser fram innhaldet i førstehjelpsskrinet: ein raud og ein grøn figur, ei hjelpehand og ei bok. Foto: Vidar Herre, Avisa Hordaland
- Pengane gjer at vi kan gå systematisk og grundig til verks, og det er eg veldig glad for. Å dele psykologisk kunnskap med mange er eit hovudmål med sjølvhjelpsskrinet.
God respons
Raknes var sjølv til Oslo i fjor vår og presenterte sjølvhjelpsskrinet for ei gruppe stortingspolitikarar frå ulike komitear. Responsen var god.
- Dei var ivrige og syntest Psykologisk førstehjelp høyrtes spennande ut, ein metode som kan brukast og vere til nytte for mange. I tillegg til at den er nyttig, er metoden vår enkel å bruke og den appellerer til målgruppa. For barn og unge med psykiske vanskar finst det nesten ingen sjølvhjelpslitteratur i dag, fortel Raknes.
- Med denne løyvinga ønskjer direktoratet å bidra til at vi kan sjekke ut kor godt metoden verkar, for kven og under kva vilkår.
Slik skal pengane brukast
Helsedirektoratet ønskjer at Psykologisk førstehjelp (PF) skal innførast og evaluerast i førstelinjetenesta. RBUP Vest og RBUP Øst har fått i oppgåve å gjennomføre dette arbeidet.
– Vi har tolka oppdraget slik at vi blir bedne om å utforme retningslinjer for korleis fagpersonar kan bruke skrinet, lage standardiserte opplæringspakkar i forhold til bruk av skrinet, gjennomføre opplæring av fagpersonar og gjere ei evaluering av deira erfaringar i forhold til bruk og nytte av skrinet, forklarar Raknes.
Prosjektperioden er 1,5 år.
- Vi har starta med opplæring av superbrukarar no, slik at fleire kan kurse førstelinjetenesta. Så blir det gjennomføring av kurs i vår og til hausten, med evaluering av erfaringar i etterkant, fortel Raknes.
Interesse frå utlandet
Skrinet er gitt ut av Gyldendal Akademiske forlag, og blir selt i norske bokhandlar.
– Førsteopplaget på 6000 er snart utseld, og no skal det produserast eit nytt. Det blir også forhandla med det britiske forlaget Wiley om utgiving i USA og Storbritannia, fortel Raknes.
- Det er veldig kjekt viss det blir noko av.
Publisert
26.01.2011 08:50 |
Endret
03.02.2011 15:26