Det går mot endringar i Kronstad DPS. Målet er å vidareutvikle pasienttilbodet slik at innbyggarane får eit tenestetilbod som er meir i tråd med dei behova befolkninga i opptaksområdet har.
- Målet er at Kronstad skal bli eit av dei beste storby-DPSa i landet! seier Kirsten Irene Stordal, klinikkdirektør for Kronstad DPS.
Ho understrekar at det også i dag blir arbeidd godt i dei ulike einingane i DPS’et.
- Men det må endringar til for å utvikle Kronstad til eit moderne lokalsjukehus innan psykisk helsevern, i tråd med dei føringane vi har fått frå staten og dei faglege endringane som skjer i resten av landet, seier Stordal.
Utviklinga av Kronstad DPS skal skje i samarbeid med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar.
Utfordringa for Kronstad DPS er mellom anna at tenestene ikkje er lokaliserte på same stad. Vidare har vi eit for omfattande tilbod innan delar av tenestene samstundes som vi manglar tilbod vi veit pasientane treng.
-Eg har stor forståing for at det kan opplevast vanskeleg for mange tilsette når vi no skal gå i gang med store endringar i organisasjonen, men målet er å vidareutvikle pasienttilbodet. Det er ein avgjerande premiss for det vidare arbeidet at dei faglege prioriteringane skal styre organiseringa, seier Stordal.
Pasientar og pårørande vil kunne merke at det blir endringar i tilbodet.
-Pasientane vil bli godt ivaretatt og få eit tilpassa behandlingstilbod. Det er utarbeidd eit informasjonsskriv til pasientar og pårørande.
Våren 2013 skal Kronstad DPS flytte inn i nytt bygg på Danmarksplass, og målet er at den nye organisasjonen skal være på plass før innflyttinga.
-Vi må bruke tida godt for å sikre ei god vidareutvikling av tenestetilbodet til alle pasientane våre, seier Stordal.
Publisert
02.09.2010 14:45 |
Endret
02.09.2010 14:48