Ny praksis for svangerskap på overtid 

Kvinneklinikken (KK) jobbar for å få på plass teknisk utstyr, tilpassa rom og ekstra personell for å følgje dei nye nasjonale tilrådingane om handtering av svangerskap på overtid.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 

I sommar kom Helsedirektoratet med nye nasjonale tilrådingar når det gjeld handtering av svangerskap på overtid

Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus har gravide fått tilbod om kontroll den 12. dagen på overtid. Dei nye anbefalingane frå Helsedirektoratet seier mellom anna at alle gravide skal få eit tilbod om kontroll sju dagar etter termin, altså i veke 41. Endringane fører til 25 prosent fleire daglege konsultasjonar og igangsetjingar på Kvinneklinikken.

Gravide skal føle seg trygg
– Den gravide blir ivareteken på aller beste måte. Det er sjølvsagt viktig for oss å følgje nasjonale tilrådingar. Når vi så langt ikkje har praktisert dei nye tilrådingane, er det fordi vi først må forsikre oss om at vi er i stand til å handtere den aukande arbeidsmengda, seier klinikkdirektør på Kvinneklinikken, Ingrid Johanne Garnes.

Les meir om svangerskap og overtid


Publisert 11.10.2011 15:10 | Endret 11.10.2011 15:40 

 Fakta

  • Eit normalt svangerskap er frå 37 – 42 veker (294 dagar).
  • Helsedirektoratet anbefalar at alle fødslar skal vere sett i gang etter 42 veker (294 dagar)
  • Dei anbefalar igangsetjing  i veke 41 hos overvektige kvinner og for kvinner over 35 år
  • Ønske hos kvinna blir lagt vekt på, men den endelige avgjersla ligg hos medisinsk fagpersonell.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo