|
| Overlege dr.med Kathrine Woie |
Woie er overlege på
Gynekologisk avdeling ved
Kvinneklinikken (KK), som for to år sidan blei den
første godkjende utdanningsinstitusjonen i Noreg for behandling av gynekologisk kreft.
– Dette er først og fremst eit kvalitetsstempel for avdelinga. Ved at eg har fått denne godkjenninga, viser vi at vi klarar å utdanne dyktige kandidatar som tilfredsstiller kriteria for kva ein spesialist på gynekologisk kreft skal ha av kompetanse seier Woie.
– Sertifiseringa er òg ein kvalitetssikring av pasientbehandlinga vi driv med, meiner Woie, som i aller høgste grad er med på å setje standarden.
Stolte
– Vi er enormt stolte, seier kollega, overlege og professor ved KK, Helga B. Salvesen. Salvesen er styremedlem i ESGO.
Ho påpeikar at det er strenge krav for å bli ESGO-sertifisert og meiner Woie har dokumentert at ho fyller desse krava med god margin for å bli den første i Noreg som er sertifisert.
– Kathrine er i tillegg ein av få på Haukeland som utførar operasjonar ved hjelp av da Vinci-roboten. Det gjer at ho kan skilte med ein ekstra bragd, seier Salvesen.
Sikrar god pasientbehandling
Dei to overlegane ønskjer å understreke at ESGO-godkjenninga for to år sidan, samt ESGO-sertifiseringa til Woie, er eit resultat av ein samla innsats frå avdelinga.
– Det kan vere skummelt å la andre kikke ein i korta, men det gjer oss skjerpa og gir motivasjon og ekstra drivkraft for å fremme kvalitet i alle ledd av pasientbehandlinga. ESGO sertifiseringa er ein viktig godkjenning av at vi har nådd dei måla som er sett, seier Salvesen.
– Dette har vi jobba fram i fellesskap, seier dei to samstemd.
Publisert
07.11.2011 09:25 |
Endret
08.11.2011 12:44