Dei fleste radioaktive substansar som blir brukt for PET-diagnostikk har ei halveringstid frå under to timar til berre nokre minutt. Radioaktiviteten må produserast på nytt kvar dag, og for nokon spesielle undersøkingar for kvar enkelt pasient. Partikkelakseleratoren, eller syklotronen, er maskinen som produserer denne radioaktiviteten.
– Dette er ein av dei store milepælane, var Bach-Gansmo sin karakteristikk av innflyttinga tysdag.
– No er den her!
PET/CT neste veke
I neste veke kjem også PET/CT scanneren til Haukeland, men det betyr likevel ikkje at PET-senteret er klart til opning.
– Produksjon av desse radioaktive substansane må følgje dei same lover som for alle andre legemiddel, det vil seie at produksjonen må validerast, påpeikar Bach-Gansmo.
– Validering er ein prosess som skal bevise at vi kan lage legemiddelet etter dei krav som blir stilt, at vi kan gjere det om og om igjen, og med utstyr og lokale som tilfredstiller alle krav frå myndigheitene. Det inneber blant anna ingen forureiningar og ingen bakteriar, verken i produkta eller i lokala. Dette er ein svært omfattande prosess som nok vil vare dei neste 6 månadane, kanskje endå lenger.
Unik teknologi
Som eit av dei siste landa i Vest-Europa har Norge tatt i bruk Positron Emisjons Tomografi, den såkalla PET-teknologien. Riks-Radiumhospitalet var først ute i 2005, og fekk scanner nr 2 i fjor, og no følgjer Haukeland etter. Dermed får norske kreftpasientar tilbod om betre diagnostisering og oppfølging.
Den avanserte bildediagnostikken som er muleg ved PET-teknologi har nemleg særleg stor tyding innan kreftbehandling. Radioaktive forbindelsar blir injisert i pasientane, og fordelinga i kroppen kan avbildast. Desse forbindelsane synleggjer vevet sin funksjon og ikkje berre utsjånad, slik CT gjer.
Men saman med CT, i en PET-CT, får ein det beste frå to verder, både funksjon og anatomi. Dette gir viktig informasjon om spreiing, eventuelle attverande kreftvev etter kirurgiske inngrep, og om ein svulst er ferdigbehandla eller treng meir stråling eller kjemoterapi.
– Vi endrar behandlingsopplegget for godt over 20 prosent av pasientane som får ei PET-CT undersøking, opplyser Bach-Gansmo.
Publisert
10.09.2008 15:25 |
Endret
28.09.2010 15:28