Dobbel opningsseremoni 

Fredag vart Haukeland sin nybygde ambulansestasjon for båt- og bilambulanse i Austevoll offisielt opna. Katamaranen ”Rygervakt” fekk samstundes sin dåp i øyriket ut mot Nordsjøen.
 

Samarbeid
- Dette er samhandling i praksis, sa ein nøgd ordførar i Austevoll, Helge André Njåstad ved markeringa like utanfor Storebø.

Ambulansebåten er utstyrt for å brukast i brann- og redningstenesta og ved transport av helsepersonell på heimebesøk i kommunen med 667 øyar.

I tillegg kjem bil- og båtambulanseverksemda som er sjukehuset sine oppgåver. Nybygget inneheld treningsrom, leiligheit, ambulansegarasje og to bustadar for turnuskandidatar som jobbar i kommunen.

Fartøy alltid klart
– Denne nye basen er eit synleg og handfast bevis på at vi ønskjer å auke kvaliteten på dei prehospitale tenestene, seier seksjonsoverlege Guttorm Brattebø i Akuttmedisinsk seksjon på Haukeland. Brattebø samanliknar den nye ambulansestasjonen med ein luftambulansebase, der eit stort fartøy alltid ligg klart til å rykkje ut.

Austevoll ambulansestasjon, Haukeland universitetssjukehus. Jostein Hovland ambulansearbeidar / matros på Rygervakt
I pasientrommet på båtambulansen: Jostein Hovland er både matros og ambulansearbeidar på Rygervakt.

Jobbe sjølvstendig
- I byen kan mange andre bilar kallast ut på kort varsel dersom det er behov for det. Her er vi heilt åleine når vi rykkjer ut på oppdrag, fortel Jostein Hovland (bildet) om den største skilnaden ved å jobbe her og i byen. Hovland rullerer mellom Bergen sentrum og ambulansestasjonen i Austevoll.


Austevoll ambulansestasjon, gudmor Ranveig Frøiland
Med ønskje om hell og lukke på havet: Gudmor for ambulansebåten "Rygervakt" er Ranveig Frøiland, styreleiar i Helse Bergen.



Adm. dir. Stener Kvinnsland opnar Austevoll ambulansestasjon
Administrerande direktør Stener Kvinnsland ved Haukeland universitetssjukehus klipper over oksygenslangen som markerer at ambulansestasjonen er opna.


1000 oppdrag i året
Oppdragsmengden ved Austevoll ambulansestasjon har meir enn dobla seg sidan 2003 til nesten 1000 oppdrag i 2010. Omlag fem hundre bil- og fem hundre båtoppdrag var det i fjor.

Oppdragsmendge Austevoll ambulansestasjon

Austevoll ambulansestasjon er ein av 14 ambulansestasjonar som tilhøyrer Haukeland universitetssjukehus.

Norskprodusert båt
Ambulanse-katamaranen er bygd i karbonfiber som reduserer vekt og CO2-utslepp. Prislappen er 20 millioner kroner og den har ein toppfart på 35 knop. Katamaranen er den einaste av sitt slag i verda og er produsert hos Brødrene Aa i Hyen.

Innvending er det eit stort pasientrom som er utstyrt som ein vanleg bilambulanse, slik at det er enkelt å flytte pasient frå båt til bil. Landingsplass på fastlandet er Hjellestad kai i Bergen kommune.

Reiarlaget Rødne driv ambulansetrafikk på oppdrag av Haukeland universitetssjukehus mellom Austevoll og Bergen. Reiarlaget som held til på Finnøy i Rogaland driv også ein ambulansebåt for Helse Fonna og ein for Helse Stavanger.


Publisert 12.12.2011 08:30 | Endret 13.12.2011 12:41 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo