Dialyse ut til pasientane 

Dialysepasientar i Fjell og nabokommunane får mykje kortare reisetid til behandling når Haukeland universitetssjukehus og Fjell kommune går saman om å opprette ei dialyseeining på Straume.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

– Dialysesatellittar er vanlege her i landet, men berre der det er lang veg å reise til sjukehuset. Dette blir den første nære satellitten i Norge, fortel avdelingssjukepleiar Njål Olav Husøy ved Medisinsk avdeling post 2 Dialyse. Han ser fleire fordelar med ei dialyseeining som ligg nær pasientane og samstundes under 30 km frå Haukeland.
 
– For det første får sjølvsagt pasientane i nærområdet kortare veg. For det andre er det ein fordel med kort veg til sjukehuset dersom noko skulle skje, enten at pasienten brått blir dårleg eller at utstyret sviktar. Vi flyttar ut dit pasientane er, men eininga er likevel tilknytt oss, presiserer han.


Illustrasjonsfoto: Fresenius Medical Care

Alternativ til utbygging
Frå HUS si side er opprettinga av ein desentral dialyse i Fjell både ønskjeleg og nødvendig.

– Per dags dato har vi totalt 65 dialysepasientar, og det er heilt opp mot grensa av kva vi klarar. Vi veit at eldrebølgja kjem, og prognosen er 5-10 prosent auke i dialysepasientar dei komande åra. Å opprette dialysesatellittar er eit alternativ til å byggje ut på Haukeland, seier Husøy.

Dialyseeininga på Voss har alt vore i drift sidan 2004, og har seks pasientar.

Den nye desentrale dialysen på Straume skal dekkje kommunane Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, eit område på nærare 60 000 menneske. I dag har Haukeland fem dialysepasientar frå desse kommunane.

– I tillegg har vi tre pasientar som bur i Bergen kommune, men som har kortare veg til Straume enn hit. Vi har òg fire pasientar som bur i den retninga, og som avhengig av trafikk og tid på dagen vil spare tid på å reise den vegen, forklarar Husøy.

Han legg til at opprettinga av dialyseininga på Straume også er heilt i tråd med samhandlingsreforma.

God samhandling
Samhandlingsreforma blei vedtatt 27. april 2010. Eitt av tre hovudmål med reforma er å dempe veksten i forbruk av sjukehustenester ved å ruste kommunane til å levere ein større del av tenestene. Den desentrale dialysen på Straume er del av eit halvannalinjetilbod og skal inn i eit planlagt distriktsmedisinsk senter.

– Håpet vårt er at eit slikt senter skal stå ferdig i 2012-13, seier helsesjef Terje Handal i Fjell kommune.
Han er veldig glad for dialysesamarbeidet med Haukeland.
– Vi trur dette blir eit flott tilbod til ei pasientgruppe som treng trygge, positive omgjevnader og der det er ein fordel med kort veg til behandling.

I ein prosjektperiode på tre år skal Helse Bergen leige lokale i Straume bu- og servicesenter og bemanne eininga. Den foreløpige datoen for oppstart er 18. oktober. Eininga skal ha fem plassar og i byrjinga vere i drift tre dagar i veka.


Publisert 25.06.2010 13:40 | Endret 29.10.2010 12:55 

 Publisert av eining

 Fakta om dialyse

  • Dialyse er behandling som blir gitt til pasientar med nyresvikt.
  • Behandlinga består i å fjerne avfallsstoff og vatn.
  • Pasientane kjem som regel til dialysebehandling tre gonger per veke.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo