Blodbussen har bursdag! 

– Vi er stolte av å feire Blodbussen sin femårsdag, seier sjefsbioingeniør ved Haukeland universitetssjukehus Siren Holme. 13. februar blei bursdagsbarnet hylla på Festplassen av både glade blodgivarar, byrådsleiar Monica Mæland og Norges Røde Kors.
Av Anette Hellstrøm, Haukeland universitetssjukehus
 



Bussen, som var den første av sitt slag i Noreg, har vore ein stor suksess i Bergen. Måndag til torsdag kvar veke besøker den større arbeidsplassar og sentrale stader i Bergensområdet. Det er ikkje uvanleg at opptil 60 blodgivarar er innom på ein dag.

– Blodbussen fungerer som ein mobil blodbank, og gir folk muligheit til å gi blod i nærleiken av der ein jobbar eller bur. Det er like trygt å gi blod i bussen som på sjukehus. Den fungerer så godt at eg nesten ønskjer meg ein til, fortel Holme.

 
Lars Rasmussen gir blod for 165 gong.
Foto: Anette Hellstrøm
 
Givar i særklasse
Lars Rasmussen glir rutinert på plass i blodgivarstolen på Blodbussen. Han har vore trufast givar sidan han var 18 år – det er 44 år, eller 165 tappingar sidan for å vere nøyaktig.

– Eg har ikkje tenkt å gi meg, dette har blitt ein livsstil, seier Rasmussen.

Rett ovanfor sit Ellen Salbu. Ho er nett ferdig tappa og venter nokre minutt innan ho kan ta turen heim igjen. Samanlikna med Rasmussen er ho som nybegynnar å reknast.

– Dette er 27 gongen eg gir blod. Det heile starta nok litt tilfeldig. Eg var innom Haukeland ein tur og fann ut at eg ville bli med på dette. No blir eg tappa tre-fire gonger i året, og det fungerer veldig fint, seier Salbu.

– Treng fleire menn
Bussen var ei gåve i frå Norges Røde Kors i 2007, og det er Haukeland universitetssjukehus som driftar den til dagleg. Suksessen hadde likevel ikkje vore muleg utan våre gode hjelparar.

Bergen kommune har vore ein sentral og god støttespelar frå første dag og har aktivt tilrettelagt for drifta. Tala mellom behov og tilgang på blod har peika i negativ retning over fleire år. Den siste tida har mange ulykker ført til svært høgt blodforbruk, så det er eit kolossalt behov for at folk bidrar, fortel Holme.

Marian Hansen frå Røde kors har ei ekstra oppmoding til menn på Vestlandet;

– Kvinner er generelt betre enn menn til å gi blod. Eit stort ønskje er derfor at alle i vest melder seg som blodgivarar i 2012.


Publisert 13.02.2012 14:45 | Endret 14.02.2012 13:02 

 Publisert av eining

 Kven kan gi blod?

• Dei fleste friske menneske mellom 18 og 65 år kan gi blod.

• Ein kan gi 450 ml blod inntil 4 gonger i året.

• Du må veie over 50 kg.

• Du kan ikkje ha hepatitt eller være i risikosituasjon for HIV-smitte.

• Du må ikkje ha alvorlig kronisk sjukdom.

• Medisinbruk må vurderast nærmare før tapping.

 Korleis bli blodgivar?

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo