Cerebral Parese (CP) er den vanlegaste årsaka til fysisk funksjonsheming i barnealder og rammar om lag to av 1000 barn. Det er vel kjent at prematur fødsel (før veke 37 i svangerskapet) aukar risikoen for CP. Dei fleste barn med CP er likevel ikkje født prematurt.
|
|
| Overlege Dag Moster |
– Frå før fins det lite kunnskap om muleg samanheng mellom CP og svangerskapsalder for barn født til og etter termin, opplyser Dag Moster, overlege på Nyfødtavdelinga på Barneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus.
Lågast risiko ved termin
Saman med forskarkollegaer ved Universitetet i Bergen og ved National Institute of Health i USA, har Moster no sett på samanhengen mellom risiko for CP ved fødsel på og etter termin.
– Ved hjelp av Medisinsk fødselsregister fann vi alle barn i perioden 1967-2001 som var født til termin (37-41 veker) og alle født etter termin (42-44 veker), fortel Moster.
I alt vart 1,68 millionar barn følgt til utgangen av 2005.
– Studien viser at flest barn blir født i veke 40 og risikoen for CP var lågast i denne perioden (0,99 pr 1000), seier Moster.
Risiko for CP auka så med både avtakande og aukande svangerskapsalder. Ved 38 veker var risikoen auka med 30 prosent og ved 37 veker med 90 prosent. Tilsvarande auka risikoen med 40 prosent når barnet vart født etter 41 veker. Forskjellane var endå større i ei gruppe av barn der terminbestemmelse var basert på ultralyd og ikkje menstruasjonsdata.
Meir sårbare
Ifølgje Moster er den biologiske forklaringa på den U-forma risikokurva (auka risiko i begge retningar frå 40 veker) mellom svangerskapsalder ved fødsel og CP ukjent.
– Det kan tenkast at fødsel ved 40 veker er det mest optimale for nyfødde barn og at fødsel i aukande avstand frå 40 veker gjer den nyfødde hjerne meir sårbar, seier Moster.
– Ei alternativ forklaring er at barn som alt i fosterlivet har ein predisposisjon for å utvikle CP også har ei forstyrring i reguleringa av fødselstidspunktet.
Moster og kollegaene viser i same studie at barn med medfødde misdanningar har ei tilsvarande U-forma kurve med svangerskapsalder, noko som kan gi støtte til den siste forklaringsmodellen.
Ingen grunn til uro
– Risikoen for CP er uansett svært låg i den perioden vi har undersøkt og bør ikkje medføre uro for kvinner med normale fødslar utanfor 39-41 veker, understrekar Moster.
– Inntil dei biologiske årsaksfaktorane er betre kartlagt bør ein vere varsame med å bruke studien som argument for intervensjon av forløysingstidspunktet, presiserer Moster.
Ein artikkel frå studien blir publisert i det prestisjetunge tidsskriftet JAMA(Journal of the American Medical Association) onsdag 1. september.
Publisert
01.09.2010 10:30 |
Endret
01.09.2010 10:51