Martha Forland har nettopp ønskt Aril Skøld (68) ”godt dykk”, og saman med sjukepleiarkollega Inna Jespersen skyvd han på båre inn i den gjennomsiktige glassylinderen som mest liknar ei kuvøse for vaksne. Trykket inne i sylinderen er det same som Aril ville opplevd om han gjorde eit dykk under vatn på 14 meter. Her skal han liggje heilt i ro i dei vel to timane behandlinga varar. Det einaste han treng å gjere, er å puste. Det han pustar inn, er 100 prosent rein oksygen.
Oksygen som medisin
- Vi gir pasientane oksygen som medisin, fortel seksjonsoverlege Guro Vaagbø ved Seksjon for Hyperbarmedisin på Haukeland universitetssjukehus. Ho fortel at det å puste inn rein oksygen under trykk, kan stimulere til at det veks fram nye blodkar i oksygenfattig vev. På den måten blir vevet i stand til å reparere seg sjølv.
- Difor er dette god behandling for til dømes pasientar som har fått skada cellevev i samband med stråleskadar etter kreftbehandling. Pasientane kan aldri bli like friske som dei var før, men dei kan bli betre etter behandling. Målet er å auke livskvaliteten til pasientane, seier Vaagbø.
Pasientar frå heile landet
Seksjonen på Haukeland har sidan etableringa i 1994 hatt landsfunksjon for planlagt trykkammerbehandling. Hit kjem pasientar med til dømes kroniske knokkelinfeksjonar, kroniske diabetesfotsår og tidlegare kreftpasientar med skadar etter strålebehandling. Slik som Aril.
- Det byrja med eit sår på tunga som ikkje ville gro. Etter eitt år med vurdering hos lege, var det til slutt ein tannlækjar som meinte det var alvorleg. Det viste seg å vere kreft i tunga, fortel Aril. For å få bukt med kreften måtte han i 2007 operere vekk mesteparten av tunga. Seinare same år viste det seg at kreften også hadde angripe halsen, og legane måtte fjerne ein spyttkjertel, lymfeknutar og anna sjukt vev.
Fleire følgeskadar
- Eg fekk behandling med cellegift og strålebehandling for å fjerne siste rest av kreftcellene. Til saman blei det sju behandlingar med cellegift og 35 strålebehandlingar, summerer Aril. Kreften er han glad han blei kvitt, men operasjonane og strålebehandlingane ga han andre plager som tørr munn og tap av smak. Cellegifta har gitt nerveskadar i føtene. Og som hos mange andre kreftpasientar har fjerning av lymfekjertlar ført til opphoping av væske og hevingar i halsen, såkalla lymfødem.
Søkte hjelp
Takka vere kona fekk han tips om korleis han kunne få hjelp til å behandle stråleskadane.
- På den tida jobba ho i Kreftforeininga og visste om tilbodet med oksygenbehandling i trykkammer, seier Aril. Han har vore til oksygenbehandling i tre omgangar i løpet av dei siste åra. Aril fortel at han under dei to første opphalda på Haukeland måtte byrje å ete frukost i god tid innan serveringa opna i frukostsalen på pasienthotellet, for i det heile tatt å rekke å få i seg maten til behandlinga som starta klokka 7.30.
Stor betring
- Eg merka tydeleg betring allereie etter første opphaldet. Då fekk eg meir smak på mat, og eg var ikkje så tørr i munnen, slik at etinga gjekk betre, seier han.
Tidlegare var det også slik at all juice svei i halsen på Aril, og han syntest grønsaker smakte anten ingenting, eller i beste fall gras.
- No kan eg drikke det meste og ete nesten all slags mat, og det smaker bra. No rekk eg til og med å ete i opningstida på hotellet før behandlinga byrjar. For meg har oksygenbehandling gitt mykje betre livskvalitet, smiler Aril.
- Men når kona har ete tre brødskiver til lunsj, har eg berre klart to, så det går tregare enn før, konstaterer han. Å drikke raudvin er framleis ikkje mogleg, sidan det svir altfor mykje i halsen.
Ifølge Aril har oksygenbehandlinga også hjelpt på hevingane i halsen.
- I fleire månader gjekk eg fem gonger i veka til behandling hos fysioterapeut, men allereie etter første runde med behandling i trykkammer, var ikkje det lenger naudsynt, fortel han.
Pustepause
Det har gått ein halv time etter at Aril byrja dagens behandling, og endå ein pipelyd kjem frå sylinderen der han ligg. Martha tar opp telefonrøyret på utsida og seier til Aril at han må ta på seg maska. No er det på tide med ein pause, det vil seie at han må puste vanleg luft gjennom ei lita maske inni sylinderen.
- Vi er ikkje skapt for å puste rein oksygen. Derfor treng pasientane jamlege pausar der dei pustar inn vanleg luft. Får hjernen for mykje oksygen, kan ein få oksygenkrampe. Det artar seg som eit kraftig epilepsianfall, men er ikkje farleg, forklarer Martha. Etter fem minutt kan Aril ta av maska og halde fram med behandlinga.
Nøgd
- Eg får litt dottar i øyra når trykket endrar seg under nedstiging, men elles synest eg det er greitt å liggje her, seier Aril.
Over sylinderen hans heng ein stor flatskjerm. Der følgjer han sluttscenene i filmen ”Chocolat”. Snart er det også slutt på Aril sine daglege opphald i trykktanken. Eit avsluttande ”piiiiiiiiiiiip” fortel at dei to timane er over for denne gong. Spesialsjukepleiarane stengjer av oksygenet, opnar luka, og trekkjer båra med Aril ut av sylinderen.
Sertifisert tørrdykkar
- Er du nøgd no? Skal du ha dykkarsertifikat også?, spør Martha muntert medan ho hjelper Aril opp frå båra. Seks veker med behandling er over. Det vankar gode ha det-klemmar til pleiarane som har tatt så godt vare på han i desse vekene.
- Kjekt å vere her, seier han.
- Kjekt å ha deg her, svarer dei tilbake. Han får med seg eit uhøgtidleg tørrdykkarsertifikat, og knakkar ha det på glasveggen til dei andre pasientane i sylindrane. No skal han endeleg heim og få vere saman med kona Maj-Britt, bikkja Amaya og barn og barnebarn på Kløfta. Og kan hende kan han håpe på eit glas raudvin om ikkje så lenge…
Artikkelen har stått på trykk i magasinet "Helse i Vest" som er laga ved sjukehusa på Vestlandet.
Publisert
30.01.2012 13:45 |
Endret
30.01.2012 13:52