|
| Bilete av augeskade frå nyttårsaftan 2011/12 |
Av dei 16 skadde er det 14 menn over 18 år og to gutar under 18 år.
– Kvinner har alltid vore i mindretal, men eg kan ikkje hugse at vi har hatt andre år utan skadde kvinner på nyttårsaftan, seier overlege Nils Bull ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.
Fire av dei 16 har skadar som er betegna som alvorlege og 12 som moderat alvorlege. Av dei fire med alvorleg skade er alle skadde av bakkefyrverkeri.
Bull er fornøgd med det låge talet på skadde barn.
- I fjor var det seks barn som vart innlagt med augeskadar etter nyttårsaftan, så vi er veldig glade for at det talet er gått ned i år, seier Bull.
Tal over kor mange som er behandla for augeskadar samlar han inn frå kollegaer ved andre sjukehus i heile landet i løpet av nokre timar første nyttårsdag.
Augeskadar på landsbasis frå dei siste åra:
2011/12: 16 skadar – 4 alvorlege og 12 moderat alvorlege
2010/11: 17 skadar - 6 alvorlege og 11 moderat alvorlege
2009/10: 10 skadar - 3 alvorlege og 7 moderat alvorlege
2008/09: 10 skadar - 5 alvorlege og 5 moderat alvorlege
2007/08: 21 skadar - 6 alvorlege og 15 moderat alvorlege
2006/07: 20 skadar - 3 alvorlege og 17 moderat alvorlege
Definisjonar på skadetypane
• Alvorleg augeskade: Er forventa å gi betydeleg synsreduksjon
• Moderat alvorleg augeskade: Kraftig akutt skade, men er ikkje forventa å gi betydeleg synsreduksjon.
• Lette augeskadar: Blir behandla ved legevakt og er ikke rekna med i denne oversikta.
Publisert
01.01.2012 15:50 |
Endret
01.01.2012 16:07