100 000 til ung nevrologiforskar 

Charalampos Tzoulis (31) ved Universitetet i Bergen og Nevrologisk avdeling er tildelt stipend på 100 000 kr frå Forsbergs og Aulies legat for framragande forsking i nevrologi.
 

Stipendet frå Forsberg og Aulies legat går til ein ung kunstnar og ein ung nevrolog vekselvis kvart år og vart delt ut 23. november 2011.

Charalampos Tzoulis her i forskingslaboratoriet i Gamle hovudbygg på Haukeland
Post doc. Charalampos Tzoulis (31), opprinnleg frå Hellas, er full av lovord om som pasientane deltek i forsking på mitokondriesjukdommar.

– Verkeleg flott å få slik anerkjenning for arbeidet vårt, seier Tzoulis om tildelinga frå legatet. Han forskar på ein type arvelege sjukdommar som går føre seg i mitokondria i kroppen, cellene sine energikjelder.

Rammar unge
Sjukdom blir det dersom mitokondria sviktar, slik at cellene ikkje produserer nok energi. Enkelte organ er meir avhengige av energi enn andre. Mitokondriesvikt går mest ut over energi hjernen og nervesystemet, men også muskulatur, hjerte og lever kan bli ramma.

Ein av femti i Noreg er berarar av mitokondriesjukdommar. Dersom to berarar får barn saman er det 25 prosent sjanse for at borna får ei alvorleg nevrologisk tilstand som byrjar i barneår eller tidlege tenår, og har høg dødelegheit.

I 2010 tok Tzoulis doktorgrad og var med på å påvise energisvikt i hjernen hos pasientar ved å bruke MR-undersøkingar og molekylær analyse for å finne ut korleis nerveceller døyr.

Han er med i forskingsgruppa ”Mitochondrial Medicine & Neurogenetics” i Bergen, som er leia av Lawrence Bindoff.

Pasientar på Vestlandet
Tzoulis og forskargruppa har fulgt ei gruppe på 45 pasientar og familiane deira på Vestlandet gjennom mange år. Han er full av lovord om innsatsen til dei som er ramma.

- Pasientane er verkeleg modige som hjelper andre i framtida ved å stille opp for forskinga. Det er ei stor ære for oss som får lov til å jobbe med dei, seier Tzoulis.

Ingen behandling enno
Akkurat no er forskargruppa i gang med å kartlegge korleis mitokondriesjukdommen utviklar seg. Målet er å få nok kunnskap til å lage ei behandling.


Publisert 06.12.2011 09:20 | Endret 06.12.2011 12:39 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo