Etterlyser samhandling: Marion Alver ønskjer betre koordinering i helsetenesta. Foto: Anette Hellstrøm
For tredje år på rad blir den nasjonale ReHabiliteringsveka arrangert. Årets veke handlar om å synleggjere korleis samhandling i og utanfor helsetenesta ligg til grunn for god habilitering og rehabilitering.
På Vestlandet kan ein 19. oktober høyre meir om samhandling mellom dei ulike nivåa i helsetenesta, til beste for brukarar med sjeldne og lite kjende funksjonsnedsettingar.
Fragmentert tilbod
I ein elektrisk rullestol susar Marion Alver i gangane på Haukeland universitetssjukehus. Her arbeidar ho som helsesekretær på Barneklinikken. Ho er fødd med ryggmergsbrokk og veit godt kor utfordrande det er å leve med sjukdommen, særskilt som vaksen.
- Barn med ryggmergsbrokk blir følgt godt opp av habiliteringsteam fram til dei fyllar 18 år. Etter det er det ingen som hjelper dei vidare. Ein blir jo ikkje frisk sjølv om ein blir vaksen, understrekar Alver.
Dagleg leiar for Ryggmargsbrokk- og hydrocephalusforeningen, Eli Døvresødegård Skattebu, bekreftar at tilbodet til dei vaksne brukarane ofte blir oppfatta som fragmentert.
– Den koordinerte samhandlinga stopper ofte heilt opp. Dette er ei stor utfordring både for dei som lever med ryggmergsbrokk og familien deira, men også for dei fagpersonane som skal følgje dei opp, seier Skattebu.
Eigenhendig koordinering
Mange med sjeldne og lite kjende funksjonsnedsettingar har behov for hjelp til å følgje opp avtaler med helsevesenet etter dei har fylt 18.
- Når ein som vaksen sjølv må passe på å halde kontakten med fysioterapeut, ergoterapeut, nevrolog, ortoped, vernepleiar, urolog, nevrolog og andre habiliteringstiltak som ein måtte trenge, er det ikkje rart at mange gjer opp, påpeikar Alver.
Ho meiner unge vaksne med ryggmergsbrokk ikkje bør vere avhengige av at mor og far må minne dei på å komme seg på rett behandling til rett tid.
- Hadde ein fått innkallingar til alle undersøkingane og kontrollane, slik som dei fleste får for å huske å gå til tannlegen, hadde det vore eit flott tiltak, seier Alver.
Samhandling på dagsorden
Målet med ReHabiliteringsveka er å skape auka merksemd kring habilitering og rehabilitering i helse- og sosialtenesta, hos pasient- og brukarorganisasjonar og i utdannings- og arbeidslivet. Målgruppa er først og fremst primær- og spesialisthelsetenesta, NAV og andre avgjerdstakarar til dømes politikarar.
ReHabiliteringsveka omfattar tiltak, tenester og brukarar både innanfor somatikk, psykisk helse, rus, tenester for utviklingshemma og personar med samansette tilstander i alle aldersgrupper, innan ulike sektorar og tenestenivå.
Publisert
19.10.2009 18:10 |
Endret
29.10.2010 13:41