Avdelinga har jobba for å få til ei fin markering, så dagen vert feira med fagdag og fest i Legenes hus utpå kvelden.
- ØNH-avdelinga har behandla pasientar i 50 år. Markeringa skal få oss til å sjå bakover i eit historisk perspektiv og framover i eit behandlingsperspektiv. I tillegg vil vi ta vare på dagens høge faglege nivå og ha fokus på ytterleg betring av det faglege arbeidet seier Heimdal.
– Vi vil at feiringa skal seie noko om faget vårt sin eigenart.
Stolt
Klinikkdirektøren er stolt over korleis avdelinga har klart å skape seg eit godt renommé hos pasientane, fastlegane og andre kollegaer utanfor sjukehuset.
– I tillegg er vi kjent både i Noreg og internasjonalt for vår gode kvalitet innan pasientbehandling og for vår høge forskingsaktivitet. Det som står sterkt på avdelinga no skal vi sjølvsagt fortsetje med framover. Pasientbehandling og forsking heng tett saman, seier han og skryt over sine tilsette.
– Feiringa av 50-årsjubileet skal gi noko tilbake til alle våre tilsette som gjer ein strålande jobb. Eg håpar at det kan bidra til ytterlegare samhald, yrkesstoltheit og tilhørsle, slik at pasientane våre framleis kan merke at dei kjem til ein plass der folk er glade i jobben sin.
Framtidsretta
– Mange trur at det berre er snørr og tårar på ØNH, men vi har ein travel kvardag som handlar om mykje meir enn det. Til dømes har vi ansvar for mange kreftpasientar som får stadig meir krevjande og omfattande behandling, fortel Heimdal.
– Det er og ei utfordring at det kjem fleire eldre pasientar som treng behandling hos oss. Krav om kortare utreiingstid og meir samarbeid på tvers av spesialitetane, er berre noko av det vi er opptekne av når vi rundar 50 år. Og desse utfordringane tek vi, seier Heimdal.
Publisert
11.11.2011 06:10 |
Endret
14.11.2011 15:30