|
| Dei to ministrene fekk sjølvsagt vere med å spise fiskelunsj med barna i Hunstad barnehage. |
Sjå video frå barnehagebesøket her
Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen var på Haukeland onsdag for å lære om
ernæringssatsinga til Helse Bergen.
Optimal ernæring for alle
Administrerande direktør Stener Kvinnsland fortalte statsrådane om vår ernæringsstrategi og kvifor det er eit viktig fokusområde for sjukehuset.
– Vi veit at sjukehusrelatert underernæring reduserer kvaliteten på behandlinga. Derfor vil vi gjere det vi kan for å auke kunnskapsnivået om betydinga av ernæring hos våre tilsette, betre sjølve ernæringsbehandlinga og betre mattilbodet til pasientane våre. Vår visjon er optimal ernæring til alle, sa Kvinnsland.
Møtte pasientar og tilsette
Statsrådane fekk mellom anna omvisning i Spisestova på Kreft post 1 i Parkbygget, som er eitt av fleire tiltak sjukehuset har gjennomført for å betre mattilbodet til pasientane våre.
– Det er ein fordel at kjøkkenfagleg personell får kommunisere direkte med pasientane, slik at dei får den maten dei vil ha. Fleire av pasientane våre er for dårlege til å kome ut hit å spise. Til dei går vi rundt med traller som vert fylt opp med næringsrik, god og innbydande mat, fortalte avdelingssjukepleiar Siv Årdal.
Fiskesprell
Visitten på Haukeland vart avslutta med eit besøk i Hunstad barnehage, ein av dei fem sjukehusbarnehagane til Helse Bergen.
Dei er med i Fiskesprell-prosjektet som har som mål å inspirere, motivere og stimulere til auka konsum av sjømat hos barn og unge.
Les meir i Bergens Tidende
Publisert
30.11.2011 12:25 |
Endret
07.12.2011 14:38