I lag med hundrevis av sjetteklassingar frå skuler i og rundt Bergen, storma Maren inn i teltet på Festplassen fredag føremiddag.
Forskingsdagane skuffa ikkje
– Dette er den kjekkaste stasjonen, seier Julie og Helga (begge 11 år). Dei står mellom Kirurgisk avdeling og Lungeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus sine forskingsstasjonar.
– Her får barna måle pulsen sin medan dei ser ein skummel filmsnutt. Vi ser om pulsen går opp når det skjer noko overraskande på skjermen, fortel sjukepleiarane frå Poliklinikk for akutt- og gastrokirurgi og Poliklinikk for Karkirurgi.
I tillegg hadde Lungevdelinga med seg pustemaskin, slik at femteklassingane kunne måle kor lenge dei klarte å halde pusten.
Den minste cella
Blodbanken ga barna mulegheita til å ha på seg legefrakk medan dei sjekka korleis blodplatane i blodet vårt ser ut.
– Det er litt kaldt her, så vi går rundt med plasmaposane under genseren slik at blodplatane ikkje døyr. Ungane får sjå korleis blodet er levande ved hjelp av ein lommelykt, seier damene frå Blodbanken.
Skuledagen er berre starten på Forskingsdagane 2011. Her får du ein komplett oversikt over alt det spennande som skjer heilt fram til 2. oktober.
Publisert
23.09.2011 15:00 |
Endret
28.09.2011 08:39