Synsnedsetting -Voksne 

 
 

Å leve med nedsett syn  

Kurset er for personar i yrkesaktiv alder som har fått nedsett synsfunksjon og deira pårørande

Sjå program

Målsetting
• Kunnskap om rettigheitar og muligheiter
• Kunnskap skal auke tryggleik og meistring i kvardagen
• Dialog med ulike faggrupper
• Møte andre i same situasjon

Maks. 20 deltakarar  

Tid 2012
Onsdag 18. og torsdag 19. januar kl 9 - 15 begge dager.

Stad
Lærings- og mestringssenteret i Bergen, Ulriksdal Helsepark 4. etg. Ulriksdal 2 (v/innkjørsel til Haraldsplass sjukehus)

Pris
Kr. 307,- i eigendel - kan skrives i eigendelskortet. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj serveres.

Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel på kr. 306. Dette gjeld og om du har frikort.

Påmelding
Du må ha tilvisning frå lege for å delta på kurset. Meld frå om spesielle behov. Tilvisninga sendes til: Lærings- og mestringssenteret (LMS) i Bergen, Ulriksdal 2, 5009 Bergen. Merk tilvisninga med namnet på kurset. Pårørande oppfordrast til å delta – dette må stå i same tilvisning. Ved behov for reisefølgje må dette og stå i tilvisninga.
 
Tilvisninga gjeld som påmelding. Du får ei stadfesting om plass på kurset.

Det tas atterhald om tilstrekkelig påmeldte.

Læringstilbodet er utviklet av Øyeavdelingen, Helse Bergen, Nettverk for synshemmete i yrkesaktiv alder, Statped Vest, NAV Arbeidsformidling, NAV Hjelpemiddelsentral, Norges Blindeforbund Hordaland fylkeslag, Syns- og audiopedagogisk tjeneste Hordaland (SAPT) og Bergen Voksenopplæring, i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret i Bergen.

Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste opplæringstilbod ved LMS dekkes etter faste satsar mot en eigendel. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no, snarast mogleg etter innkalling. Ta vare på kvitteringar. Pårørande kan og få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta.


Publisert 05.10.2010 10:28 | Endret 27.02.2012 10:01 
Tidspunkt

Startdato: 18.01.2012 09:00 
Sluttdato: 19.01.2012 15:00 

 Arrangert av


Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo