Svulst på balansenerven 

 
 
Kurset er for: Personar med følgeplager av svulst på balansenerven og pårørande.

Les programmet her

Målsetting
  • Vise at det går an å oppretthalde eit godt levesett til tross for diagnosen
  • Formidle kunnskap som kan bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen
  • Legge til rette for dialog med representantar for ulike faggrupper
  • Gi høve til å møte andre i same situasjon
Tid 2012
Onsdag 11. januar kl 10.00 - 15.30 og
torsdag 12. januar kl 09.00 - 15.00 
eller
Onsdag 13. juni kl 10.00 - 15.30 og
torsdag 14. juni kl 09.00 - 15.00
eller
Onsdag 7. november kl 10.00 - 15.30 og
torsdag 8. november kl 09.00 - 15.00

Læringsmetodar
Føredrag, samtale i grupper, gruppeopppgåver praktiske øvingar, erfaringsutveksling, dialog med fagfolk.

Stad
Lærings- og meistringssenteret i Bergen, 
Ulriksdal Helsepark, Ulriksdal 2 
(v/innkøyringa til Haraldsplass sykehus)


Pris  
kr 307 i eigendel for pasientar (skrivast på eigendelskortet. Gratis ved frikort). Pårørande gratis. Enkel lunsj inkludert.
 

Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel på kr. 306. Dette gjeld også om du har frikort. 
 
Påmeldingsfrist
14 dagar før kursstart

Påmelding
Du må ha tilvising frå lege for å delta på kurset. Meld frå om spesielle behov. Pårørande som deltar må føres i same tilvisninga. Ved behov for fylgje må dette og stå i tilvisinga.

Tilvisniga gjeld som påmelding. Du vil få ei tilbakemelding.

Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs ved Lærings- og mestringssenteret, dekkes etter faste satsar mot ein eigendel. Reise må bestillas gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no, snarast mogleg etter innkalling. Ta vare på kvitteringar. Pårørande kan også få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at dei skal fylgje.

Tilbodet er utvikla i samarbeid med Hørselshemmedes Landsforbund og LMS i Bergen.


Publisert 25.08.2010 14:40 | Endret 08.02.2012 13:09 
Tidspunkt

Startdato: 11.01.2012 10:00 
Sluttdato: 08.11.2012 00:00 

 Arrangert av


Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo